Vest-Jerusalem
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vest-Jerusalem syner til den delen av Jerusalem som vart verande under israelsk kontroll etter den arabisk-israelske krigen i 1948. Våpenkvilelinja delte byen i to, og den austlege delen av byen kom då under jordansk kontroll.[1]
Remove ads
Historie
Deling i 1949

Delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina gjorde Jerusalem og området rundt til ein internasjonal by.[2]
Etter den israelsk-arabiske krigen 1948 vart Jerusalem delt i to delar, den vestlege delen, som hovudsakleg var folkesett av jødar, kom under israelsk styre, medan Aust-Jerusalem kom under jordansk styre[1][3] og var hovudsakleg folkesett av palestinske muslimar og kristne.
Arabarar som budde i vestlege bydelar i Jerusalem, som Katamon eller Malha, vart tvungne til å dra, og det same måtte jødane i dei austlege områda, inkludert Gamlebyen i Jerusalem og Silwan. Nesten 70% av landområdet i Vest-Jerusalem hadde før Palestinamandatet vore eigd av palestinarar, noko som gjorde det hardt for dei utkasta palestinarane å godta israelsk kontroll i vest. Knesset vedtok lover som overførte denne arabiske landjorda til israelske, jødiske organisasjonar.[4]
Det einaste austlege område av byen som art verande på israelske hender gjennom dei 19 åra med jordansk styre, var Skopusfjellet, der Det hebraiske universitetet i Jerusalem ligg. Dette danna ein enklave i denne perioden, og vert derfor ikkje rekna som ein del av Aust-Jerusalem.
Hovudstad i Israel
Israel gjorde Vest-Jerusalem til hovudstaden sin i 1950.[4] Den israelske regjeringa måtte investere stort i nye bygg, eit nytt universitet, nye tilsette, Den store synagoga og Knesset-bygningen.[3]
Samling
Under seksdagarskrigen i 1967, erobra Israel den austlege delen av byen[5] i lag med heile Vestbreidda.
I 1980 annekterte dei israelske styresmaktene Aust-Jerusalem og samla byen att, men det internasjonale samfunnet godtok ikkje dette.[1] Folkesetnaden i Jerusalem har i stort grad vore segregert gjennom denne aust-vest-delinga.[6]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads