Vestre Aker prosti
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vestre Aker prosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Vestre Aker.

Sokn
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Oslo kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.
Frå 2015 er dei tre tidlegare sokna Bakkehaugen, Majorstuen og Vestre Aker slått saman til eitt.[1]
Remove ads
Prestegjeld
Prestetenesta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Vestre Aker prosti desse prestegjelda:
- Vestre Aker prestegjeld med
- Vestre Aker sokn
- Bakkehaugen sokn
- Majorstuen prestegjeld med
- Majorstuen sokn
- Skøyen prestegjeld med
- Skøyen sokn
- Ris prestegjeld med
- Ris sokn
- Nordberg prestegjeld med
- Nordberg sokn
- Maridalen sokn
- Ullern prestegjeld med
- Ullern sokn
- Røa prestegjeld med
- Røa sokn
- Sørkedalen sokn
- Voksen prestegjeld med
- Voksen sokn
Remove ads
Sjå òg
Bakgrunnsstoff
- Om Vestre Aker prosti på nettstaden til Den norske kyrkja
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads