Vestsudansk savanne

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vestsudansk savanne
Remove ads

Vestsudansk savanne er ein tropisk økoregion med savannelandskap som strekkjer seg gjennom Vest-Afrika.

Kjappe fakta Land ...
Remove ads

Geografi

Økoregionen strekkjer seg aust og vest gjennom Vest-Afrika, frå atlanterhavskysten i Senegal til Mandarafjella på austgrensa til Nigeria.

Den tørrare akasiesavannen i Sahel ligg nord for regionen, og den fuktigare guineanske skog-savanne-mosaikken ligg i sør.

Klima

Regionen har tropisk savanneklima og varmt steppeklima (Köppenklassifiseringane Aw og BSh) med ei tørketid og ei regntid, og varme temperaturar året rundt. Årlege nedbørsmengder går frå 1000 mm i sør til 600 mm i nord på grensa til Sahel. Nedbør og temperatur varierer etter årstid, med ei varm regntid frå mai til september og ei kjøligare tørketid frå oktober til april. Temperaturane varierer frå 30 °C til 33 °C i den varmaste månaden og frå 18 °C til 21 °C i den kaldaste månaden.[1]

Remove ads

Flora

Thumb
Vestsudansk savanne med klumpar av graset Andropogon gayanus i Pamareservatet i Burkina Faso.

Savanne og open skog er dei typiske vegetasjonstypane i regionen. Typiske savannetre er artar frå slektene Combretum og Terminalia, medan bakken er dekt av lange grastypar, urter og buskar. Den dominerande grastypen er Hyparrhenia, som ofte kan nå 1 meter eller høgare. Tre i dei tørrare skogane er vanlegvis mindre enn 10 meter høge, og omfattar artar av Anogeissus og Acacia i tillegg til Balanites aegyptiaca, Combretum glutinosum, Commiphora africana, Prosopis africana, tamarind (Tamarindus indica) og Ziziphus mucronata. Mange tre feller lauvet på høgda av tørketida, og grasa tørkar ofte ut.[1]

Akasietre er mindre vanleg i dei fuktige skogane i område med meir nedbør og langs vassdrag, der Afzelia africana, Burkea africana, Combretum og Terminalia er dominerande. Mindre skogområde med Isoberlinia finst i fuktigare delar av den sørlege delen av økoregionen.[1]

Fauna

Thumb
Elefant i Pendjari nasjonalpark i Benin.

I økoregionen finst det fleire større pattedyr, som afrikansk savanneelefant (Loxodonta africana), vestafrikansk sjiraff (Giraffa camelopardalis peralta), kjempeeland (Taurotragus derbianus derbianus), hesteantilope (Hippotragus equinus), afrikabøffel (Syncerus caffer brachyceros), løve (Panthera leo), leopard (Panthera pardus) gepard (Acinonyx jubatus) og afrikansk villhund (Lycaon pictus). Dei fleste store pattedyra er no svært avgrensa i tal og utbreiing.[1]

Remove ads

Vern

Ein gjennomgang frå 2017 viste at 233 942 km², eller 14 %, av økoregionen var verna område.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads