Vevey

From Wikipedia, the free encyclopedia

Veveymap
Remove ads

Vevey er ein by i Sveits i kanton Vaud, på nordsida av Genfersjøen, nær Lausanne. Han var setet for distriktet Vevey fram til 2006, men er i dag ein del av distriktet Riviera-Pays-d'Enhaut. Kommunen har 18 394 innbyggjarar (2010) og eit areal på 2,4 km². Kommunesenteret ligg 383 meter over havet.

Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...

Byen er ein viktig turist- og kurstad og har fleire årlege kunst- og kulturfestivalar, særleg innan musikk.

Thumb
Utsikt over Vevey og Genfersjøen

Hovudkvarteret til matvaregiganten Nestlé, grunnlagd i 1867, ligg i Vevey. Mjølkesjokoladen vart oppfunnen i Vevey av Daniel Peter i 1875.

Jean-Jacques Rousseau la handlinga i La Nouvelle Héloïse til området rundt Vevey. Charlie Chaplin heldt seg i Vevey dei siste leveåra sine, og ved strandpromenaden står ein Chaplin-statue.

Byen er første gongen nemnd av oldtidas greske astronom og filosof Klaudios Ptolemaios, som kalla han for Ouikos. Seinare var byen kjend under namn som Viviscus og Vibiscum.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads