Victor Moritz Goldschmidt
norsk professor og kjemikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Victor Moritz Goldschmidt (27. januar 1888–20. mars 1947) var ein norsk mineralog, petrograf og geokjemikar som var fødd i Zürich. Han var son av H.J. Goldschmidt. I lag med Vladimir Vernadskij vert han rekna som grunnleggjaren av faget geokjemi.
Remove ads
Han var professor i krystallografi, mineralogi og petrografi ved Universitetet i Oslo i 1914.
I 1911 kom det store arbeidet Die Kontaktmetamorphose im Kristianiagebiet, som var doktoravhandlinga hans. Dette gjorde han med eitt slag kjent. Seinare følgde mellom anna Geologisch-petrographische Studien im Hochgebirge des südlichen Norwegens (5 bd., 1912–21). Hovudarbeidet til Goldschmidt er Geochemische Verteilungsgesetze der Elemente (9 bd., utgjeve av Vitskaps-Akademiet i Oslo 1923–38), eit av dei viktigaste storverka innan norsk vitskap. Med arbeidet sitt grunnla Goldschmidt den moderne geokjemien.
Han vart 1929 kalla som professor til Göttingen, men slutta her i 1935 og flytta tilbake til Oslo, som professor i mineralogi og geologi ved Universitetet. Han arbeidde med utnyttinga av norske råstoff og var formann i Statens råstoffkomité.
Som jøde fekk Goldschmidt under andre verdskrigen store vanskar. Han sat ei stund arrestert, kom seinare via Sverige over til Storbritannia, der han arbeidde med oppdrag for den norske og den britiske regjeringa. Han kom attende til Noreg i juni 1946. Eit stort verk, Geochemistry, vart ikkje ferdig før han døydde, men vart redigert i England og utgjeve posthumt (1954).
Fjellrekkja Goldschmidtfjella i Oscar II Land på Spitsbergen er kalla opp etter han.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads