Victor Grignard
fransk kjemikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
François Auguste Victor Grignard (6. mai 1871–13. desember 1935), kjend som Victor Grignard, var ein fransk kjemikar som fekk Nobelprisen i kjemi i 1912 for å ha oppdaga og gjort greie for den kjemiske reaksjonen som fekk namnet etter han, Grignardreaksjonen. Nobelprisen i kjemi vart dette året delt mellom han og landsmannen Paul Sabatier.
Grignard var fødd i Cherbourg og døydde i Lyon. Han hadde utdanna seg til matematikar hjå universitetet i Lyon før han vart interessert i kjemi, og særleg tok for seg dei kjemiske reaksjonane mellom organiske halogenbindingar og magnesium. Han vart professor ved universitetet i Nancy i 1910.
Remove ads
Publikasjonar
- Victor Grignard, «Sur quelques nouvelles combinaisons organométalliques du magnésium et leur application à des synthèses d'alcools et d'hydrocarbures», Comptes rendus hebdomadaires des séances de l'Académie des sciences (C.R. Hebd. Seances Acad. Sci.), vol. 130, 1900, p. 1322-1324 (ISSN 0001-4036, kan lesast på internett)
- Victor Grignard, «Les composés organomagnésiens mixtes et leurs principales applications», Revue scientifique, vol. 51, no 15, 12 avril 1913, p. 449-456 (kan lesast på internett)
- Victor Grignard, Traité de Chimie Organique, Paris 1935: Masson, 500 p.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads