Victor Vernicos

gresk songar og låtskrivar From Wikipedia, the free encyclopedia

Victor Vernicos
Remove ads

Viktor Vernikos Jørgensen (fødd 23. oktober 2006), kjend under artistnamnet Victor Vernicos, er ein gresk songar og låtskrivar. Han representerte Hellas i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia med sangen «What They Say».[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Vernicos blei fødd i Athen med dansk far og gresk mor. Han byrja med pianotimar som fireåring, songtimar som åtteåring og gitartimar som tiåring. Han byrja å skrive eigen musikk som elleveåring, og har skrive sin eigen musikk sidan 2021.[2] Same året gav han ut sin fyrste song, som han sjølv hadde skrive og produsert.[2][3]

Hausten 2022 opna den greske kringkastaren ERT for å sende inn bidrag til Eurovision Song Contest 2023, og Vernicos sende inn bidraget «What They Say».[4] Han blei vald ut som tre finalekandidatar, og 30. januar 2023 kunngjorde ERT at han skulle representere Hellas i Eurovision Song Contest i Liverpool.[5] Med sine 16 år er han den yngste deltakaren som har representert Hellas i tevlinga sidan landet debuterte i 1974.[6] Han blei nummer 13 i semifinalen og kvalifiserte seg ikkje til finalen.[7]

Remove ads

Diskografi

Singlar

  • 2020 – «Apart»
  • 2021 – «Fake Club»
  • 2021 – «Hope It's in Heaven»
  • 2022 – «Youthful Eyes»
  • 2022 – «Mean To»
  • 2022 – «Out of This World»
  • 2022 – «Brutally Honest with You»
  • 2023 – «What They Say»

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads