What They Say av Victor Vernicos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«What They Say» (norsk omsetjing ‘Kva dei seier’) er ein gresk song frå 2023 av og med den gresk-danske musikaren Victor Vernicos. Låten blei gjeven 12. mars 2023 og var det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Remove ads
Om songen
I eit intervju med den greske tv-kanalen Skai TV fortalde Vernicos at han skreiv og produserte «What They Say» som 14-åring. Songen blei skriven under nedstenginga i samband med koronapandemien, då Vernicos for fyrste gong i sitt liv opplevde å vere i ein svært stressa tilstand.[1]
Både han og faren meinte songen var den beste han hadde skrive til då. Vernicos sende låten inn til den greske kringkastaren ERT si tevling for å finne det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2023.[2]
I ei pressemelding frå plateselskapet til Vernicos, Panik Records, hyllar songen dei yngre generasjonar som «tør å drøyme og skape, trass vanskar».[3]
Remove ads
Eurovision Song Contest
«What They Say» blei hausten 2022 send inn til ERT si tevling for å finne det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2023.
Gjennom ein utveljingsprosess i fleire ledd, blei Vernicos kunngjord som ein av tre finalistar 19. januar 2023.[4] Gjennom ei siste avrøysting frå eit sjåarpanel og ein fagjury blei Victor Vernicos og «What They Say» vald til vinnar, og dimed det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[5][6][7]
Hellas deltok i den andre semfinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der blei «What They Say» nummer 13 av 16, og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.[8][9] Dette var fyrste gongen sidan 2018 at Hellas ikkje nådde ein Eurovision-finale.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads