Victoria Silvstedt
svensk fotomodell, songar, skodespelar og fjernsynspersonlegdom From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Karen Victoria Silvstedt (fødd 19. september 1974)[1][2] er ein svensk fotomodell, songar, skodespelar og fjernsynspersonlegdom.[3]
Remove ads
Tidleg liv
Silvstedt vart fødd i Skellefteå[2] og vart oppdregen i ein familie på fem i Bollnäs.[3] Ho har ei eldre syster som heiter Veronica og ein yngre bror.[4] Ho var ihuga ryttar, og ynskte å bli veterinær.[5]
Faren til Victoria var leiar for eit lokalt skilag,[6] og ho byrja med alpint i ein alder av fem.[5] Den konkurransedyktige karrieren enda då ho seksten år gammal skadde skuldra under eit skirenn.[3][6]
Remove ads
Karriere
Modellverksemd
Silvstedt deltok i Miss Sverige-konkurransen, og ho vart utvald til å representere landet sitt i Miss World-konkurransen i Sør-Afrika i 1993.[3][7][8] Silvstedt vart teken opp av eit modelleringsbyrå i Paris, og ho byrja å jobbe for ulike prestisjetunge motehus, som Chanel, Christian Dior, Giorgio Armani, Givenchy, Loris Azzaro, og Valentino.[2][3][5] I 2000-åra og 2010-åra har Silvstedt fortsett modellverksemda internasjonalt og blitt vist i ei rekkje blad, mellom anna FHM, Glamour, GQ, Maxim og Vanity Fair, som modell for ulike merke.[2][3][9]
Karriere som skodespelar
Silvstedt har jobba som skodespelar sidan slutten av 1990-åra, då ho dukka opp i Hollywood-seriar som Melrose Place. Silvstedt har òg vore med i ei rekkje komediefilmar inkludert BASEketball, The Independent, Out Cold og Boat Trip.[3][10] Silvstedt har òg hovudrolla i filmar og TV-seriar frå ulike europeiske land, særleg i Italia.
Karriere som songar
Silvstedt gav ut eit studioalbum med tittelen Girl on the Run på EMI i 1999. Det vart òg gjeve ut tre singlar, «Hello Hey», «Rocksteady Love» og «Party Line».[11] I 2010 gav ho ut den fjerde singlen sin med tittelen «Saturday Night». Silvstedt har sagt at ho elskar å syngje, men at det berre er ein hobby, og at ho ikkje kan sjå seg sjølv gjere ein karriere av det.[6]
Karriere som TV-programleiar
Silvstedt har presentert ei rekkje TV-program over heile verda sidan 1990-åra. Ho har presentert underhaldningsprogram og vore programleiar for ei rekkje prisutdelingar. I 2006 byrja Silvstedt å jobbe som vertinne i franske og italienske versjonar av speleprogrammet Wheel of Fortune, og pendla mellom Paris og Roma. I 2010 fekk Silvstedt sitt eige TV-program, Sport by Victoria, på Eurosport under Vinter-OL 2010. Programmet omtalte ulike vintersportar, og det vart gjort både på engelsk og fransk.[12][13]
Reality-serie
Silvstedt debuterte med sin eigen reality-serie, Victoria Silvstedt: My Perfect Life, i 2008. Programmet har sidan vorte lansert i heile verda, inkludert Europa, USA, Asia, Australia og Latin-Amerika.[5] Den første sesongen omfattar hennar personlege liv og arbeidsliv, og følgjer henne til Saint-Tropez, Monaco, Cannes, Paris, Roma, London, Helsingfors, Stockholm, Los Angeles og New York. Silvstedt vitjar òg familien sin i Sverige, der ho voks opp.[4][5]
Remove ads
Personleg liv
Silvstedt møtte Chris Wragge i 1997, då han intervjua henne for Entertainment Tonight.[14] Dei vart trulova på julaftan 1998 og gifta seg i 2000.[15] Silvstedt og Wragge budde i Santa Monica[14] og Houston i fleire år, før han flytta til New York i 2004.[2] Dei separerte seg i 2007, men har ikkje skilt seg.[16][17]
Victoria Silvstedt snakkar flytande svensk, engelsk, fransk og italiensk.[6]
Diskografi
Album
- Girl on the Run (1999)
Singlar
- «Rocksteady Love» (1999)
- «Hello Hey» (1999)
- «Party Line» (2000)
- «Saturday Night» (2010)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads