Vidkun Quisling

norsk offiser, diplomat og politikar som stifta partiet Nasjonal Samling From Wikipedia, the free encyclopedia

Vidkun Quisling
Remove ads

Vidkun Abraham Lauritz Jonssøn Quisling (18. juli 188724. oktober 1945) var ein norsk politikar og offiser. Han prøvde å styra Noreg under den andre verdskrigen frå 9. april 1940 til 8. mai 1945. Maktstillinga hans var tufta på samarbeid med den tyske okkupasjonsmakta. Quisling var leiar eller «førar» for partiet Nasjonal Samling. Partiet vart skipa etter mønster av det tyske nazipartiet NSDAP.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Etter den andre verdskrigen har ordet «quisling» vorte brukt likt med landssvikar i mange europeiske språk.

Remove ads

Bakgrunn

Quisling var først på 1920-talet med Fridtjof Nansen i Russland for å utføre humanitært arbeid, ettersom han snakka russisk. Seinare vart han forsvarsminister i ei Bondeparti-regjering.[1]

I 1939 vitja han Adolf Hitler i Berlin for å åtvara Hitler om at britane ville okkupera Noreg, i tillegg lova han støtte til tyskarane dersom dei okkuperte landet.[2]

Quisling er rekna for å vera den fyrste til å utføra eit kuppforsøk ved hjelp av radio. 9. april 1940 troppa han opp i Norsk rikskringkasting (NRK) og las opp eit skriv om at han danna ny regjering. Kong Haakon VII, stortinget og Johan Nygaardsvold si regjering hadde på grunn av det tyske åtaket flykta nordover mot Elverum. Regjeringa til Quisling hadde lite oppslutnad i folket. Etter fem dagar vart ho avsett og Josef Terboven vart innsett som tysk styrar.

I februar 1942 fekk Quisling tittelen ministerpresident. Han skipa ei regjering med folk frå Nasjonal Samling. I røynda var det tyskarane og deira Reichskommisar Terboven som sat med overordna makt.

Quisling vart dømd for landssvik og avretta ved skyting etter krigen i 1945.[3]

Thumb
Villa Grande

Privatliv

Quisling budde ei tid i Villa GrandeBygdøy i Oslo. Bygningen huser no Holocaustsenteret i Oslo.

Maria Vasilijevna, Quisling si russiske kone, budde i Oslo fram til ho døydde i 1980. Dei hadde ingen born.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Litteratur

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads