Viking Mestad
norsk jurist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Viking Mestad (fødd 12. januar 1930 på Evanger i Voss kommune, død 15. desember 2013)[1] var ein norsk bankmann, jurist, politikar (V) og teatermann.
Mestad var statssekretær i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet i regjeringa Korvald frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973.[2]
Han var også kommunestyrerepresentant i Oslo tidleg på 1970-talet.[3]
Mestad er cand.jur. med embetseksamen frå Universitetet i Oslo i 1955[4], og vart tilsett ved Noregs Bank i 1962. I 1986 fekk han stillinga som direktør for Hovedstyresekritariatet.[5] Han slutta i banken i 1995.[4]
Frå 1977 til 1997 var han styreformann ved Det Norske Teatret. Han var etterfølgd av Berge Furre.[6] To månader etter at han gjekk av som styreformann vart han utnemnd som heidersmedlem i arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk teater- og orkesterforening. Han mottok også Heddaprisen.[7]
Mestad var fyrste styreformannen for Nynorsk Pressekontor.[8]
Han er far til skodespelaren Henrik Mestad.[9]
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads