Vikingfjord

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vikingfjord
Remove ads

Vikingfjord er eit norsk vodkamerke som vart lansert i Noreg på 1980-talet av Vinmonopolet. Vikingfjord har ein vassklår let, og har ein nøytral aroma.

Kjappe fakta Skipa, Eigar ...

Design

Polet ynskja å få til eit norsk alternativ til alle dei utanlandske vodkaane. Han vart likevel ikkje ein suksess før Arcus tok over merkevaren i 1996. Produktet fekk eit nytt design og ei ny oppskrift. Flaskedesignet skal gjeva assosiasjonar til reint norsk vatn frå isbredar. Og flaska har slått an, ho har vunne i gull i Mobius Design Award.[1] Ho har òg motteke utmerkinga Merket for god design som vart delt ut av Norsk Designråd.

Remove ads

Bredevatn

Vikingfjord er truleg den einaste vodkaen som vert tilsett vatn frå ein isbrede når han skal blandast ned til rett alkoholinnhald. Spriten, som vert laga av jordeple frå området rundt Mjøsa, har eit alkoholinnhald på omtrent 96 %, før det vert tilsett smeltevatn frå Briksdalsbreen, som er ein arm av Jostedalsbreen, Noreg sin største isbrede. Smeltevatnet renn naturleg ned ei kjelde, der det vert henta, og dernest tilsett i spriten.

Remove ads

Lansering internasjonalt

Vikingfjord vart i 2001 lansert i Sverige og Tyskland. Litt seinare vart han òg lansert i USA. Vikingfjord vart kåra til årets vodkaprodusent i 2016 av The International Wine and Sprit Competition (IWSC).[2]

Produkt

  • Vikingfjord Vodka (50%)
  • Vikingfjord (37,5%)
  • Vikingfjord Ice Shot (20%)
    • Pure
    • Rasberry
    • Blueberry
    • Ice Mixer Peach
    • Cactus Blossom & Lime
  • Vikingfjord Vodka Cocktails (12,5%)
    • Vikingfjord Vodka Cocktails Mojito
    • Vikingfjord Vodka Cocktails Raspberry Mojito

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads