Viktor Mamatov

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Viktor Fjodorovitsj Mamatov[a] (21. juli 193727. oktober 2023) var ein sovjet-russisk tidlegare skiskyttar frå Belovo i Kemerovo oblast. Han vart verdsmeister i den individuelle øvinga under VM i skiskyting 1967, olympisk meister i stafett med Sovjetunionen både i 1968 og 1972 og verdsmeister i same øvinga i tre år på rad; 1969-71.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Mamatov var 29 år gammal då han vann gullmedaljen på 20 km under VM i skiskyting 1967 i austtyske Altenberg, den einaste individuelle øvinga i meisterskapen. Meisterskapen var elles hans fyrste, og han fekk også med seg ein sølvmedalje med Sovjetunionen sitt lag i 4 x 7,5 km stafett, gullmedaljen tok Noreg.

Frå Vinter-OL 1968 i Grenoble til og Vinter-OL 1972 i Sapporo deltok Mamatov på alle sovjetiske stafettlag i den årlege internasjonale skiskytings-meisterskapen; alle dei fem aktuelle tevlingane enda med gull til Mamatov og dei ulike lagkameratane hans, framom alle i lag med Aleksandr Tikhonov og Rennat Safin. I tillegg til dei to OL-gulla og tre-VM-gulla vann Mamatov bronsemedaljen i den individuelle øvinga under VM 1970 i Östersund, bakom landsmannen Tikhonov og sølvvinnaren Tor Svendsberget frå Noreg.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

Merknadar

  1. Russisk skrift Виктор Фёдорович Маматов

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads