Viktor Tsybulenko
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Viktor Sergejevitsj Tsybulenko[a] (13. juli 1930–19. oktober 2013) var ein sovjetisk-ukrainsk friidrettsutøvar frå landsbyen Veprik i Kiev oblast. Han var i verdstoppen i spydkast i tida 1952-62. Tsybulenko vart olympiameister i øvinga i 1960 i Roma, og fekk EM-sølv i 1962 og OL-bronse i 1956. Fem gongar vart han sovjetisk meister i spydkast.
Remove ads
Aktiv
Tsybulenko debuterte internasjonalt under OL 1952 i Helsingfors. Både her og i EM 1954 i Bern kom han på fjerdeplass. I Bern var han einast 12 cm bak bronsevinnaren, Toivo Hyytiäinen frå Finland. To år seinare, under OL 1956 i Melbourne, tok han bronsemedaljen med eit kast på 79,50 m, i same tevlinga sette norske Egil Danielsen verdsrekord med 85,71 m og vart olympiameister.
Høgdepunktet for Tsybulenko kom under sommar-OL 1960 i Roma, der han deltok i sitt tredje OL. I fyrste omgangen kasta han spydet heile 84,64 m, dermed vann han OL-gull med over fem meters forsprang til sølvvinnaren Walter Krüger, ein aust-tyskar som representerte eit samla Tyskland. Tsybulenko avslutta med å vinne sølvmedaljen under EM 1962 i Beograd, berre slått av landslagskameraten Jānis Lūsis.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Remove ads
Merknadar
- Russisk skrift Виктор Сергеевич Цыбуленко, ukrainsk skrift Віктор Сергійович Цибуленко
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Viktor Tsybulenko» frå Wikipedia på bokmål, den 17. august 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads