Viorica Viscopoleanu
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Viorica Viscopoleanu, fødd Belmega (fødd 8. august 1939) er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar. Ho vart olympisk meister i lengdehopp i 1968.
Remove ads
Aktiv
Viscopoleanu vart nummer fem i lengdehopp under sommar-OL 1964 i Tokyo, med resultatet 6,35 m. Nummer fem vart ho også i friidretts-EM 1966 i Budapest, då etter eit lengstehopp på 6,33 m.
Under dei olympiske leikane i Mexico-byen gjorde Viscopoleanu sitt livs hopp då ho i fyrste omgang smelte til med 6,82 m og ny verdsrekord. Ingen annan utøvar klarde å nærme seg prestajsonen, Sheila Sherwood frå Storbritannia tok sølv med 6,68 m. Året etter tok Viscopoleanu sølvmedaljen i EM i friidrett 1969 i Aten med 6,45 m, slått med fire cm av vinnaren Mirosława Sarna frå Polen.
Viscopoleanu deltok i sin tredje europameisterskap i 1971 og vart nummer seks i lengdetevlinga. Året etter deltok ho i München i sitt tredje OL og vart nummer sju. Ho la opp i 1974.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Viorica Viscopoleanu» frå Wikipedia på tysk, den 31. august 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads