Visp i Sveits
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Visp (fransk Viège) er hovudstaden i distriktet Visp i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 7 014 innbyggjarar (2010) og eit areal på 13 km². Kommunesenteret ligg 658 meter over havet. Staden er inngangsport til dalføret som litt sør for Visp deler seg i dei to fjelldalane Mattertal og Saastal.
Visp er eitt av to industrisenter i området Oberwallis. Mange arbeidarar frå nærliggande kommunar pendlar til staden, fremst til det store kjemiselskapet Lonza si verksemd.
Sepp Blatter er frå Visp.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Visp» frå Wikipedia på tysk, den 9. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad (tysk)

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads