Vitoria-Gasteiz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vitoria-Gasteiz er provinshovudstad i Álava og regionshovudstad i den autonome regionen Baskarland nord i Spania. Han er den nest største baskiske byen etter Bilbao. Innbyggjarane i byen vert kalla vitorianos eller gasteiztarras.
Remove ads
Historie
I år 581 grunnla den vestgotiske konge Liuvigild byen Victoriacum, og prøvde å etterlikne romerske skikkar ved å grunnleggje byen som ei feiring av sigeren mot vaskonane i landsbyen Gasteiz. Ein har ikkje funne gode nok bevis for at Victoriacum låg der dagens Vitoria ligg i dag. Han kan ha vore ved foten av fjellet Gorbea der landsbyen Vitoriano ligg i dag.
I år 1181 grunnla Sancho VI den vise, konge av Navarra, byen Nueva Victoria som ein forsvarsutpost på toppen av ein ås der landsbyen Gasteiz tidlegare låg. I 1200 vart byen erobra av troppane til Alfonso VIII av Castilla, som annekterte byen til Kongedømet Castilla. Byen voks gradvis og i 1431 fekk han bystatus av Kong Juan II av Castilla. I 1463 var han ein av fem villas som skipa brorskapet Álava i lag med Sajazarra, Miranda de Ebro, Pancorbo og Salvatierra.
![]() |
Ei av dei viktigaste hendingane i seinare historie for Vitoria-Gasteiz er slaget ved Vitoria i den spanske sjølvstendekrigen den 21. juni 1813. Dei franske troppane vart grundig slått av hertugen av Wellington. Eit monument til minne om slaget står på hovudplasseni byen, kalla Sjølvstendemonumentet – Monumento a la Independencia. Vitória i Brasil fekk namn til ære for denne hendinga. Då hendinga seint i juli dette året nådde Wien, bestilte Johann Nepomuk Mälzel ein symfoni hos Ludwig van Beethoven Dette vart op. 91 Wellingtons Sieg eller Die bei Schlachter Vitoria eller Siegessymphonie.
I 1869 opna universitetet i byen. 20. mai 1980 valde det baskiske parlamentet å gjere Vitoria til hovudstad i Baskarland.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads