Vivian

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vivian
Remove ads

Vivian er eit namn av latinsk opphav som kan brukast av begge kjønn. Det er avleidd av Viviana, som kjem frå latinsk vivus, 'levande'. Vivian har namnedag den 28. april.

Thumb
Vivien Leigh (som var døypt Vivian) i A Streetcar Named Desire.

Vivian var opphavleg eit engelsk mannsnamn, men blei gradvis også brukt som kvinnenamn, som er det det er rekna som i Noreg. Namnet er også kjend under former som Vivien og Vivyan og dei klart kvinnelege franske formene Vivianne og Vivienne. Det har kortformer som Viv og Vianne (engelsk), Vivi (norsk og svensk) og Viivi (finsk). I Sør- og Aust-Europa er namnet kjend som Bibiana.

Vivian kan også vera eit slektsnamn.

Thumb
Cricketspelaren Vivian Richards.
Remove ads

Namneberarar

  • Vivian Vance (1909–1979), amerikansk skodespelar og artist
  • Vivian Mary Hartley (1913–1967), kjend som Vivien Leigh, engelsk filmskodespelar
  • Vivian Zahl Olsen (f. 1942), norsk teiknar og illustratør
  • Vivian Stanshall (1943–1995), døypt Victor Anthony Stanshall, engelsk artist og forfattar
  • Vivian «Viv» Richards (f. 1952), antiguansk cricketspelar
  • Vivian Patrick Campbell (f. 1962), nordirsk rockegitarist (Def Leppard)
  • Vivian Wu (f. 1966), kinesisk filmskodespelar
  • Vivian Chow (f. 1967), hong kong-kinesisk songar og skodespelar
  • Vivian Hsu (f. 1975), taiwansk songar og skodespelar
  • Vivian Sørmeland (f. 1985), norsk artist
  • Vivien Cardone (f. 1993), amerikansk filmskodespelar
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads