Vivianitt er eit mineral som består av eit vasshaldig jernfosfat, Fe3(PO4)2· 8H2O. Det krystalliserer monoklint, isomorft med dei tilsvarande nikkel- og koboltsambindingane (annabergitt og erythrin). Mineralet er fargelaust i frisk tilstand, men blir raskt blått til grønleg i lufta pga delvis oksidasjon av jernet. Det vert ofte danna i jordbotnen, særleg omkring organiske restar. Det er funne som små knollar i leirlag einskilde stader i Sør-Noreg, vidare som belegg på gjenstandar av jern og bein funne i jorda (mellom anna Raknehaugen, Osebergskipet og Bryggen i Bergen). Jordaktig vivianitt blir kalla blåjord.
Kjappe fakta Generelt, Kategori ...
| Vivianitt |
 Vivianitt frå Foote-gruva i Nord-Carolina |
|
| Generelt |
|---|
| Kategori | Fosfatmineral Vivianittgroup |
|---|
| Kjemisk formel | Fe3(PO4)2· 8H2O |
|---|
| Strunz-klassifisering | 8.CE.40 7/C.13-40 (8 ed) |
|---|
| Dana-klassifisering | 40.3.6.1 |
|---|
| Krystallsymmetri | Monoklin 2/m |
|---|
| Einingscelle | a = 10.086 Å, b = 13.441 Å, c = 4.703 Å; β = 104.27°; Z = 2 |
|---|
| Identifikasjon |
|---|
| Molekylvekt | 501.61 g |
|---|
| Farge | fargelaus, særs bleik grøn, vert mørkeblå, mørk grønaktig blå, indigo-blå, så svart med oksidasjon |
|---|
| Krystallform | Flattrykt, langstrekte prismatisk krystallar, kan vere avrunda eller korrodert; som stjerneforma grupper, skorper, konkresjonar, jordaktig eller pulveraktig |
|---|
| Krystallsystem | Monoklin prismatisk 2/m |
|---|
| Tvilling | Translasjonsglidande |
|---|
| Kløyv | perfekt på {010} |
|---|
| Brot | trådaktig |
|---|
| Fastleik | Fleksibel, kan skjerast |
|---|
| Mohs hardleiksskala | 1.5-2 |
|---|
| Glans | Glasaktig, perleaktig på kløyv, matt når jordaktig |
|---|
| Strekfarge | Kvit, endrar til mørk blå, brun |
|---|
| Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg |
|---|
| Spesifikk vekt | 2.68 |
|---|
| Optiske eigenskapar |
|---|
| Optiske eigenskapar | Toaksa (+) |
|---|
| Brytingsindeks | nα = 1.579 - 1.616, nβ = 1.602 - 1.656, nγ = 1.629 - 1.675 |
|---|
| Dobbeltbryting | δ = 0.050 - 0.059 |
|---|
| Pleokroisme | Synleg; X = blå, mørkeblå, Indigoblå; Y = bleik gulaktig grøn, bleik blågrøn, gul-grøn; Z = bleik gulaktig grøn, olivengul |
|---|
| 2V-vinkel | Målt: 63° til 83.5°, Utrekna: 78° til 88° |
|---|
| Dispersjon (spreiing) | r < v, svak |
|---|
| Ultrafiolett fluorescens | Ikkje fluorescerande |
|---|
| Smeltepunkt | 1114° |
|---|
| Oppløyselegheit | Lett oppløyseleg i syrer |
|---|
| Endrar seg til | Metavivianitt |
Lukk
Det vart namngjeve av Abraham Gottlob Werner i 1817, året etter han døydde, etter John Henry Vivian (1785–1855), ein walisisk-kornisk politikar, gruveeigar og mineralog som budde i Truro i Cornwall i England.