Vlorë
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vlorë (gresk Αυλών, Avlón eller Αυλώνα, Avlóna) er ein kommune og den nest største hamnebyen i Albania etter Durrës og er hovudsete i regionen med same namn. Kommunen Vlorë ligg sørvest i Albania og grensar i nord til regionen Fier.
Remove ads
Geografi
Vlorë ligg på ei høgd nær Avlonabukta, ei vik i Adriahavet som nesten er heilt omringa av fjell. Hamna er den beste langs kysten av Albania, og den som ligg nærast Italia. Ho er verna av øya Saseno og Glossaneset.
Byen har ein fin utsjånad med minaretar og palass med hagar og olivenlundar rundt. Valonia, eit material som ein brukar ved garveri, er frøgøymet til ei eikenøtt som veks i området, og som har fått namnet sitt frå byen.
Remove ads
Soge
Vlorë er ein av dei eldste byane i Albania og vart grunnlagd på 500-talet fvt. som ein gresk koloni kalla Aulōn, og ein av tre slike koloniar langs kysten av Illyria. Han vart første gong nemn Klaudios Ptolemaios (Geographia, III, xii, 2). Andre geografiske dokument, slik som Peutinger sin «Tabula» og «Synecdemus» av Hierocles nemnar òg byen. Byen vart ei viktig hamn i Romarriket, då han var ein del av Epirus Nova.
Den 28. november 1912 utropte Ismail Qemali albansk sjølvstende i Vlorë.
Remove ads
Administrativ inndeling
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at dei tidlegare bykommunane Vlorë og Orikum vart slått saman med landkommunane Qendër Vlorë, Novoselë og Shushicë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Vlorë.
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Vlorë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Vlorë.[2]
Folketal
Kjelder
- Denne artikkelen byggjer dels på «Vlorë» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2016.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads