Volda

tettstad i Volda kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Volda
Remove ads

Volda er ein tettstad og administrasjonssenteret i Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Tettstaden ligg på nordaustsida av Voldsfjorden og har 7 143 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Volda er eit lokalt skule-, administrasjons- og handelssentrum, med lærarutdanning frå 1861. Her ligg Høgskulen i Volda med avdelingar for lærarutdanning, humanistiske fag, samfunnsfag og mediefag, og Volda vidaregåande skule med varierte studieretningar.

I Volda ligg lokalsjukehuset Volda sjukehus og kontora for Søre Sunnmøre tingrett. Her står også Volda kyrkje, ei krosskyrkje frå 1932. Aust for tettstaden ligg Volda Skisenter. Avisa Møre kjem ut i Volda tre dagar i veka.

Frå Volda ferjekai i sentrum går det ferje over Voldsfjorden til Lauvstadfylkesveg 652 og Folkestadfylkesveg 651 (før 2012: E 39). På Hovden i Ørsta kommune, 5 kilometer frå Volda sentrum, ligg Ørsta/Volda lufthamn som er trafikkert av Widerøe.[1]

Remove ads

Bilete frå Volda

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads