Volodymyr Zelenskyj

ukrainsk politikar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Volodymyr Zelenskyj
Remove ads

Volodymyr Oleksandrovytsj Zelenskyj (fødd 25. januar 1978) er ein ukrainsk skodespelar, filmskapar og politikar frå Kryvyj Rih. Han har vore president i Ukraina sidan den 20. mai 2019. Han er den sjette presidenten i landet sidan det oppnådde sjølvstende.

Remove ads

Bakgrunn

Zelenskyj har jødisk bakgrunn, og er gift med Olena Zelenska. Saman har dei to born, Oleksandra og Kyrylo. Han vart uteksaminert som jurist frå Det nasjonale økonomiske universitet i Kyiv i 2000. I 2003 var han med å danne filmselskapet Kvartal-95. Dei neste 15 åra arbeidde han som skodespelar og filmprodusent. Han var med å grunnleggja «Latterligaen», eit fjernsynsprogram med komedieinnslag. Han har produsert 10 filmar, og har vunne meir enn 30 prisar frå den ukrainske filmprisutdelinga Teletriumph. Volodymyr Zelenskyj er ein prisvinnar ved ei rekkje internasjonale filmfestivalar.[1] I fjernsynsserien Folkets tenar spelte Zelenskyj hovudrolla som ein ukrainsk lærar som gjekk viralt etter eit fråsegn om dei ukrainske utfordringane med korrupsjon, og ender opp med å sjølv verta vald til den nye presidenten i landet.[2] Våren 2018 skipa Zelenskyj saman partiet 'Folkets tenar' etter at serien hans vart ein suksess, hjartesaka hans vart naturlegvis kampen mot korrupsjon i Ukraina.[3]

Remove ads

Politisk karriere

Våren 2019 stilte Zelenskyj opp som partiet sin kandidat ved presidentvalet i landet, og fekk i fyrste valomgang flest røyster av alle kandidatane. Ved det avgjerande valet den 21. april fekk han over 73 % av røystene, motkandidaten Petro Porosjenko vel 24 %. Zelenskyj vart innsett i president-embetet den 20. mai. Han skreiv ut parlamentsval til 29. juli. 'Folkets tenar' fekk om lag 43 % av røystene og heile 254 av 424 representantar i Verkhovna Rada (høgsterådet).

Etter Russland sin invasjon og vidare okkupasjon av ukrainsk territorium den 24. februar 2022 vart Zelenskyj ein viktig rollefigur for den ukrainske kampen og moralen mot russisk aggresjon. Vidare har han vore med på å setja Ukraina og demokrati på dagsorden.[4][5] Han har likevel vorte kritisert for å banalisera og nekta for den amerikanske etterretninga sine åtvaringar om ein storstilt russisk aggresjon mot Ukraina tida før den 24. februar 2022.[6] Zelenskyj har tala i Noreg to gangar via videolink, på Stortinget den 30. mars 2022,[7] og på ONS Foundation den 29. august 2022.[8][9]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads