Volunteers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Volunteers er eit album frå 1969 av det amerikanske psykedeliske rockebandet Jefferson Airplane. Det var kontroversielt då det kom ut på grunn av antikrigsmeldingane i enkelte av songane. Den originale tittelen skulle opphavleg vere Volunteers of America, men etter press frå RCA Records vart namnet endra.

Meir informasjon Jefferson Airplane-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Historie

Det var det sjette albumet til bandet og det første som vart spelt inn berre i San Francisco, i Wally Heider sitt då toppmoderne 16-spors studio. Av gjester på albumet finn ein Jerry Garcia på pedalsteelgitar, pianist Nicky Hopkins, framtidig Airplane-trommis Joey Covington på perkusjon, David Crosby og Stephen Stills. Det var ei av dei første 16-sporsinnspelingane.

Albumet var prega av sterke antikrigs- og anarkisongar. Tema som natur, samfunn og økologi vart òg utforska på songane «The Farm» og «Eskimo Blue Day». Tittelsporet var faktisk inspirert av ein «Volunteers of America»-søppelbil som vekte songaren Marty Balin ein morgon. Albumet skapte ytterlegare kontrovers med tekstlinjer som «Up against the wall, motherfucker» (frå songen «We Can Be Together») som opna songen, og «shit» vert nemnd fleire gonger på «Eskimo Blue Day». Musikalsk var albumet prega av den sylskarpe sologitaren til Jorma Kaukonen (duellsoloen på «Hey Fredrick», samt «Good Shepherd» og «Wooden Ships») og den særeigne pianospelinga til Nicky Hopkins. Bandet prøver seg òg på countryrock på songane «The Farm» og «Song For All Seasons».

Trass i kontroversane vart albumet ein salssuksess for bandet og det fjerde albumet på rad på Topp 20. Det selde til gullplate to månader etter det kom ut.[6]

Dette skulle verte det siste albumet til grunnleggaren av Jefferson Airplane, Marty Balin og trommeslagar Spencer Dryden, så det vart rekna som slutten på den «klassiske» besetninga. Det var òg det siste albumet på to år, sidan Jack Casady og Jorma Kaukonen kom til å nytte meir tid på bluesgruppa Hot Tuna, medan Paul Kantner og Grace Slick fødde dottera China i 1971.

Ein kvadrofonisk miks (4 kanalar) av albumet kom ut i 1973. Desse miksane er merkbart forskjellige frå dei vanlege stereomiksane. «Hey Fredrick» nyttar eit anna vokalopptak, «Volunteers» er ein heilt annan song, og «The Farm» har korvokal av the Ace of Cups langt framme i miksen.

I 2003 vart albumet rangert på 370. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, men vart i 2012 flytta tre plassar ned til 373. plassen.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande

  • Nicky Hopkins – piano på «We Can Be Together», «Hey Fredrick», «Wooden Ships», «A Song for All Seasons» og «Volunteers»
  • Stephen Stills – hammondorgel på «Turn My Life Down»
  • Jerry Garciapedalsteelgitar på «The Farm»
  • Joey Covington – congatrommer på «Turn My Life Down», stol på «Eskimo Blue Day»
  • David Crosby – seglbåt på «Wooden Ships»
  • Ace of Cups – vokal på «The Farm» og «Turn My Life Down»
  • Bill Laudner – solovokal på «A Song for All Seasons»

Produksjon

  • Al Schmitt – produsent
  • Rich Schmitt – lydteknikar
  • Maurice (Pat Ieraci) – 16-spor
  • Gut – albumdesign
  • Milton Burke – albumdesign
  • Jefferson Airplane – albumdesign
  • Jim Marshall – foto på framsida
  • Jim Smircich – foto på baksida
  • Herb Greene– foto

Salslister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads