Wadi Qelt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Wadi Qelt
Remove ads

Wadi Qelt (arabisk وادي القلط; òg: Wadi al-Qult, Wadi el-Qult, Wadi Kelt, Wadi Qilt eller Wadi Qult) eller Nahal Prat (hebraisk skrift נחל פרת) er ein dal («wadi»; arabisk وادي wādī) eller elv («nahal»; hebraisk skrift נחל) som renn vest til austgjennom JudeaørkenenVestbreidda. Ho spring ut nær Jerusalem og endra nær Jeriko, nær Daudehavet.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Wadi Qelt har ein unik variasjon i plante- og dyreliv. St. Georg-klosteret og ei av dei eldste synagogene i verda, Shalom Al Yisrael-synagoga, ligg i Wadi Qelt, som er identifisert som den bibelske «Perat», nemnt i Jeremia 13:5.[1]

Remove ads

Historie

Oldtida

Det ligg mange kloster og gamle kristne stader i Wadi Qelt. Ein har funne fleire akveduktar langs elva, den eldste datert attende til hashmoneiske tida (100-talet fvt.).[2] Ein trur at Wadi Qelt-synagoga, bygd som ein del av eit hashmoneisk, kongeleg vinterpalass, er ei av dei eldste synagogene i verda.[3][4] Staden var heimstad for vinterpalassa til dei hashmoneiske kongane og Herodes den store.[5]

Qubur Bani Isra'in er ein stor steinstruktur som stig opp frå eit steinete platå oppom Wadi Qelt.[6]

Moderne tid

Området var okkupert av Israel i 1967, og delar av dalen vart då erklært eit naturreservat, Nahal Prat naturreservat.[7] Den 20. desember 1968 vart den israelske oberstløytnanten Zvi Ofer drepen i kamp i Wadi Qelt, medan han forfølgde arabiske militante som hadde kryssa Jordanelva. Han leia eliteeininga Haruv, og var tidlegare militærguvernør i Nablus og mottok ein israelsk æresmedalje.[8]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads