Was mein Gott will, das g'scheh allzeit

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Was mein Gott will, das g'scheh allzeit, BWV 111, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Kjappe fakta Sjanger, Periode ...

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for tredje sundag etter trettande dag jul, som dette året var den 21. januar.

Teksten er skriven av markgreve Albrecht von Brandenburg (sats 1, 6) og ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «Was mein Gott will, das g’scheh allzeit». Melodien vart komponert av Claudin de Sermisy (ca. 1495-1562), som var ein kjend fransk komponist i heimlandet av både verdsleg og kyrkjeleg musikk. Denne melodien var frå den verdslege songen «Trente et quatre chansons…» trykt av Pierre Attaingnant i 1528.

Remove ads

Instrumentering og struktur

Stykket er instrumentert for to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Was mein Gott will, das g'scheh allzeit», Koral
  2. «Entsetze dich, mein Herze, nicht», Arie for bass
  3. «O Törichter! der sich von Gott entzieht», Resitativ for alt
  4. «So geh ich beherzten Schritten», Duett for alt & tenor
  5. «Drum wenn der Tod zuletzt den Geist», Resitativ for sopran
  6. «Noch eins, Herr, will ich bitten dich», Koral
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads