We're an American Band
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
We're An American Band er det sjuande studioalbumet av det amerikanske hardrockbandet Grand Funk Railroad, her berre kalla Grand Funk. Albumet kom ut på Capitol Records den 15. juli 1973 og selde til gullplate i USA litt over ein månad etter det kom ut.[1] Det vart gjeve ut to singlar frå albumet. Den første singelen, «We're an American Band», kom ut 2. juli 1973 og den andre, «Walk Like a Man», kom ut den 29. oktober 1973.[2] Begge singlane vart sungen av trommeslagaren Don Brewer.
Plateomslaget var opphavleg dekt i ein gullfarga folie på utsida og dei første platene var trykt i klår, mørkegul vinyl. Albumet har sidan blitt gjeven ut i mange format. Ein kvadrofonisk miks av albumet vart gjeve ut på 8-spors lydband.
Albumet ligg på 200. plass på lista til National Association of Recording Merchandisers (NARM) over dei 200 definitive albuma gjennom tidene.
Remove ads
Innspeling og produksjon
We're an American Band var det første samarbeidet til gruppa med produsenten og lydteknikaren Todd Rundgren. Rundgren og bandet spelte inn albumet i Criteria Studios i Miami i Florida den 13.-15. juni 1973. Rundgren produserte òg det neste albumet deira, Shinin' On (1974), før bandet byta til Jimmy Ienner.
Den originale vinylplata, og singelen «We're an American Band», kom ut på gjennomsiktig, gul vinyl, symbolsk for «gullplate». På etiketten stod det ei melding til lyttarane om å spele «at full volume».
Remove ads
Mottaking
We're an American Band vart det albumet av bandet som vart best motteken av kritikarane så langt. Robert Christgau gav albumet B-, den høgaste karakteren han hadde gjeve eit Grand Funk Railroad-album til då.[4] Ei moderne melding av albumet av William Ruhlmann for Allmusic sa at albumet var ulikt det bandet vanlegvis hadde gjort, hovudsakleg på grunn av produksjonen til Todd Rundgren og at Don Brewer stadig song meir av songane. Ruhlmann sa òg at albumet høyrdest meir profesjonelt ut enn dei førre albuma.[3]
Remove ads
Innhald
2002 reissue bonus tracks:9-12
Medverkande
Etter plateomslaget[5]
- Mark Farner – vokal, gitar, akustisk gitar, conga; elektrisk piano på «Creepin»
- Craig Frost – orgel, clavinet, elektrisk piano, Moog
- Mel Schacher – bass
- Don Brewer – vokal, trommer, perkusjon
Produksjon
- Todd Rundgren – produsent, lydteknikar
- Seth Snyder – assisterande lydteknikar
- Lynn Goldsmith & Andrew Cavaliere – Plateomslag
- Lynn Goldsmith – fotografi
- John Hoernle – kunstnarisk leiar
- Andrew Cavaliere – management
Lister
Singlar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads