We Will Rave
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«We Will Rave» (norsk omsetjing 'vi skal rave') er ein song frå 2024 av den austerrikske artisten Kaleen[2]. Songen blei gjeven ut 1. mars 2024 og var det austerrikske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.
Remove ads
Om songen
«We Will Rave» blei skriven og komponert av det svenske låtskrivarteamet Anderz Wrethov, Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Julie Aagaard og Thomas Stengaard.[3] Kaleen skildra songen som eit "techno-inspirert popspor" før utgjevinga av songen.[4][5] Ved utgjevinga av songen uttala Kaleen at bilete av ein rave-fest i songen blei brukt til å promotere ein stad der «utanforståande og sårede sjeler går for å lækje og løyse problema deira gjennom musikk».[6]
Kaleen blei offisielt kunngjord til å representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2024 16. januar 2024 på Ö3-Wecker, eit radioprogram på Hitradio Ö3.[7][8][9] Den 23. februar publiserte ho ein 30-sekunds bit av songen for å promotere han.[10] Demoen av songen blei lekka fleire veker før den offisielle utgjevninga av songen; Kaleen hevdar at den endelege versjonen blei endra for å samsvare betre med Eurovision.[11] Songen blei offisielt gjeven ut 1. mars.[12][11]
Remove ads
Eurovision Song Contest
«We Will Rave» deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai 2024. Der blei låten nummer 9 og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[13][14] I finalen var «We Will Rave» det siste bidraget på scena, og enda til slutt på 24. plass med 24 poeng.[15]
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads