Wee Wee Hours

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Wee Wee Hours» er ein song skriven og framført av Chuck Berry i 1955. Han var opphavleg B-sida til den første singelen hans, «Maybellene», og vart ein hit som nådde tiandeplassen på Billboard R&B-lista.[1]

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen er ein 12-taktsblues, skildra som ein «langsam, sensuell blues med glimrande pianospel av Johnnie Johnson».[2] «Wee Wee Hours» var på demolydbandet som Berry gav til Leonard Chess i håp om å få platekontrakt med Chess Records.[2] Sjølv om han verka å passe godt inn i lag med lista av blues selskapet gav ut,[3] var Chess meir interessert i songen som vart «Maybellene». Dette vart songen som lanserte Berry som rock and roll-stjerne.

Berry spelte ofte songen live, og eit konsertopptak frå 1969 finst på albumet Chuck Berry Live in Concert og i filmen Hail! Hail! Rock 'n' Roll frå 1987.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads