Wendenhorn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Wendenhorn
Remove ads

Wendenhorn er eit 3 023 meter høgt fjell i Uri-Alpane. Fjellet ligg sør for Titlis og nord for vegen over Sustenpasset. Kantongrensa mellom dei sveitsiske kantonane Uri og Bern går over fjelltoppen.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Heile fjelltoppen består av berg, omrama av ein liten isbre kalla 'Chli Sustlifirn'. Trass i at isbreen Chli Sustlifirn er liten, er han full av bresprekker.

Utgangspunkt for ein tur til topps er Sustenbrüggli (1 907 m) i Sustenpassstrasse. Lettaste oppstiginga går direkte frå Sustenbrüggli eller over 'Sustlihütte' opp til fjellfoten og derifrå opp Chli Sustlifirn. Over isbreen kliv ein til fjellskaret mellom Fünffingerstöck (2 994 m) og sjølve Wendenhorn. Derifrå er det klatring langs vestegga (vanskegrad II-III) til fjelltoppen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads