Werner Werenskiold
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Werner Werenskiold (fødd 28. april 1883 i Paris, død 2. august 1961 i Bærum) var ein norsk geolog.[1]
- For målmannen, sjå Werner Werenskjold.
Werenskiold var professor i geografi 1925-53 ved Geografisk institutt ved Universitetet i Oslo som han òg styrte i tida 1917-53. Den største innsatsen gjorde han ved å utforme ei mest mogeleg eksakt universitetsundervisning i naturgeografi. Werenskiold utførte verdifullt arbeid som deltakar i dei norske Svalbard-ekspedisjonane 1918–24. Sumaropphalda på Svalbard 1917-25 danna grunnlag for hans dr.philos. i 1924 innan meteorologien vind og straum) på øygruppa. Han leia isbre-undersøkingane i Jotunheimen frå 1927. Han studerte bl.a. Telemarksuiten og Hedmarkgruppa og gav ut mange artiklar i fagtidsskrift. Som popularisator var Werenskiold særleg kjent ved Jorden (2 bd., 1934) og som medredaktør av Norge, vårt land (2 bd., 1937; 4. utg. 3 bd., 1958) og Jorden vår klode (4 bd., 1957).
Far hans var målaren Erik Werenskiold og broren var Dagfin Werenskiold. I studietida var naboen Fridtjof Nansen mentoren hans og tanten Fernanda Nissen inspirator, så det vart cand.real. i realfag ved Det Kongelige Frederiks Universitet i 1907 før han fekk fast stilling ved Norges Geologiske Undersøkelse 1907-17. Ved universitetet fortsette han som stipendiat 1910-15 og dosent 1915-25. Han skreiv fleire bøker.
Remove ads
Utmerkingar
- innvalt i Det Norske Videnskaps-Akademi 1926
- æresmedlem av Oslo Geofysikeres Forening og Sydsvenska Geografiska Sällskapet i Lund.
- riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1955.
- Fleire stader er kalla opp etter han. På Spitsbergen finst Werenskioldbreen og Werenskioldfjellet og i Antarktis finst klippa Werenskiold Bastion.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads