Who Do We Think We Are

musikkalbum av Deep Purple From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Who Do We Think We Are er det sjuande studioalbumet til det engelske hardrockbandet Deep Purple, gjeve ut i 1973. Det var det siste albumet til Deep Purple Mark II-besetninga med songar Ian Gillan og bassist Roger Glover før Perfect Strangers frå 1984.

Meir informasjon Deep Purple-kronologi, Singlar frå ...

Musikalsk viste plata ein overgang til eit meir blues-basert lydbilete,[2] til og med med scat-song.[4] Sjølv om produksjonen av albumet og åtferda til bandet etter utgivinga viste at gruppa var i opprør, og frontmann Gillan notert at «me alle hadde hatt alvorlege sjukdommar» og kjende oss svært slitne, vart albumet ein kommersiell suksess. Deep Purple vart den mestseljande artisten i USA i 1973.[2] Albumet inneheldt den energiske hardrock-singelen «Woman from Tokyo», ein av dei faste live-låtane til bandet sidan albumet vart gitt ut.

Remove ads

Innspeling

Who Do We Think We Are vart spelt inn i Roma i juli 1972 og i Walldorf nær Frankfurt i oktober 1972 med Rolling Stones Mobile Studio.

«Woman from Tokyo», det første sporet som vart spelt inn i juli, handlar om å turnera i Japan for første gong (t.d. teksten «Fly into the Rising Sun»). Det einaste andre sporet som vart gitt ut frå innspelingane i Roma, er det unytta sporet «Painted Horse». Resten vart spelt inn i Frankfurt etter fleire turnear (mellom anna i Japan, noko som resulterte i Made in Japan). Gruppa, som var prega av interne konfliktar, sleit med å finna ein låt dei kunne einast om. Medlemmene snakka ikkje med kvarandre, og mange songar vart først ferdige etter at dei hadde fått tid til å spela inn delar av dei kvar for seg.

Gillan sa følgjande om «Mary Long»: «Mary Whitehouse og Lord Longford var spesielt profilerte personar på den tida, med svært løfta peikefinger-haldningar... Det handla om standardane til den eldre generasjonen, heile det moralske rammeverket, intellektuell vandalisme - alle dei tinga som finst gjennom generasjonane... Mary Whitehouse og Lord Longford vart éin person som smelta saman for å representera hykleriet eg såg på den tida.»[5]

Ian Gillan forlét bandet etter dette albumet, med tilvising til interne spenningar - som mange meinte inkluderte ein feide med gitaristen Ritchie Blackmore. I eit intervju i samband med Mark II-comebackalbumet Perfect Strangers uttalte Gillan likevel at trøyttleik og management hadde mykje med saka å gjera:

« Me hadde nettopp avslutta 18 månaders turnéverksemd, og me hadde alle hatt alvorlege sjukdommar på eit eller anna tidspunkt. Sett i ettertid, viss dei hadde vore anstendige managerar, ville dei ha sagt: «Ok, stopp. Eg vil at de skal ta tre månaders ferie. Eg vil ikkje eingong at de skal plukka opp eit instrument». Men i staden pressa dei oss til å fullføra albumet i tide. Me burde ha stoppa. Eg trur at viss me hadde gjort det, ville Deep Purple framleis ha eksistert den dag i dag.[2][6]  »

Jerry Bloom, redaktør av boka More Black than Purple tilføydde:

« På dette tidspunktet hadde Deep Purple vorte ein enorm suksess. Suksess avlar etterspurnad, etterspurnad avlar meir arbeid, og meir arbeid betyr at ein bruker meir tid saman. Og når ein bruker meir tid saman, går ein som regel kvarandre på nervane.[7]  »

Den siste Mark II-konserten på 1970-talet før Gillan og Glover forlét bandet var i Osaka i Japan 29. juni 1973.[2]

Remove ads

Albumtittel og plateomslag

Det originale albumcoveret har mange sitat frå avisartiklar. Eit av dei er frå magasinet Melody Maker frå juli 1972 der trommeslagaren Ian Paice uttaler seg:

« Deep Purple får haugevis av lidenskapelige brev som enten er kraftig mot eller for gruppa. Dei sinte breva byrjar som regel med «Kven trur Deep Purple at de er...»  »

. Eit anna utklipp har berre Paice-sitatet «Eg har kjøpt det, så eg kan då for faen sparke til det», som var svaret hans på eit sint brev som formante trommeslagaren for å ha sparka til trommesettet sitt på slutten av ein liveopptreden i TV-programmet South Bank Pops frå 1970.

På baksida av omslaget til tidlegare utgivingar er opningssporet oppført som «Woman from Tokayo». Tilfeldigvis liknar Ian Gillans uttale av «Tokyo» på denne feilstavinga.

Remove ads

Utgiving

Trass i den kaotiske tilbliinga av albumet vart «Woman from Tokyo» ein hitsingel og dei andre låtane fekk mykje radiospeling. I USA selde albumet ein halv million eksemplar dei tre første månadene, og oppnådde ei gullplate raskare enn noko anna Deep Purple-album som hadde vorte gitt ut fram til då.[2].

Albumet nådde fjerdeplassen på den britiske hitlista[8] og 15. plassen på dei amerikanske hitlistene.[9] Desse tala bidrog til å gjera Deep Purple til den bestseljande artisten i USA i 1973 (med utgivinga av Made in Japan og den tidlegare Machine Head bidrog betrakteleg.

I 2000 vart Who Do We Think We Are ommastra og gitt ut på nytt med bonusspor. Det siste bonussporet er ein lang instrumental jam kalla «First Day Jam» med Ritchie Blackmore på bass. Roger Glover, den vanlege bassisten i gruppa, var fråverande, truleg fordi han hadde køyrt seg bort i trafikken.

I 2005 gav Audio Fidelity ut sin eigen ommastring av albumet på 24 karats gull-CD.

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet fekk blanda meldingar. Ann Cheauvy frå Rolling Stone melde albumet negativt, og samanlikna Who Do We Think We Are med gjennombrotsalbumet deira In Rock og skreiv at førstnemnde «høyrest så jævlig trøytt ut enkelte stader at det er direkte forvirrande», og «bandet ser ut til å berre så vidt samla nok energi til å leggja ned rytmesporet, langt mindre improvisera.»[11] I ei retrospektiv melding uttrykkjer Eduardo Rivadavia i AllMusic den same oppfatninga og skriv at bortsett frå «Woman from Tokyo» er låtane på albumet «veldig inkonsekvent og synest at bandet berre gjer akkurat det dei skal», sjølv om han rosar «Rat Bat Blue».[4]

Tvert imot skriv meldaren David Bowling på nettstaden Blogcritics at Who Do We Think We Are «er eit av dei sterkaste albuma til bandet og ligg kvalitetsmessig i toppen av Deep Purple-katalogen», med «noko av den beste hardrocken frå den epoken».[12]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Deep Purple
Andre medverkande
  • Produsert av Deep Purple
  • Martin Birch – lydteknikar
  • Jeremy Gee, Nick Watterton – Rolling Stones Mobile Unit-operatørar
  • Ian Paice og Roger Glover – miksing
  • Ian Hansford, Rob Cooksey, Colin Hart, Ron Quinton – utstyr
  • Roger Glover og John Coletta – design
  • Peter Denenberg med Roger Glover – bonus spor-miksing (2000 utgåva)
  • Peter Mew – ommastring (originalalbum) og mastering (bonusspor) i Abbey Road Studios, London (2000-utgåva)
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1973), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé og salstal

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads