Burn av Deep Purple
musikkalbum av Deep Purple From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Burn er det åttande studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut i februar 1974. Det var det første albumet deira med Mark III-besetninga ed den då ukjende David Coverdale på vokal og Glenn Hughes, frå Trapeze, på bass og vokal.
Remove ads
Innspeling
Albumet vart spelt inn i Montreux i Sveits, i november 1973 med Rolling Stones Mobile Studio. Med tilsetninga av David Coverdale og Glenn Hughes vart hardrockstilen til Purple meir boogie-orientert, med innslag av soul og funk, noko som skulle bli mykje meir framståande på oppfølgjaralbumet Stormbringer.
Hughes deltok i låtskrivinga, men vart ikkje kreditert på grunn av utgåtte kontraktsforpliktingar. 30-årsjubileumsutgåva av albumet inkluderte likevel Hughes i krediteringane for alle spora bortsett frå «Sail Away», «Mistreated», «'A' 200» og bonussporet «Coronarias Redig».[2]
Remove ads
Utgjeving og mottaking
Burn nådde tredjeplassen på UK Albums Chart, niandeplassen på den amerikanske Billboard' 200 og det gjekk til topps i fire europeiske land.
I 2004 vart Burn ommastra og gitt ut med bonusspor. «Coronarias Redig» vart spelt inn under innspelinga av Burn, men vart berre brukt som B-side på singelen «Might Just Take Your Life» i 1974. Han dukka opp som bonusspor (i remixa form) på jubileumsutgåva. Remix-versjonen av «Burn» frå 2004 vart seinare brukt i Guitar Hero: Warriors of Rock.[7].
I 2005 vart det produsert ein uautorisert dokumentar om albumet som ein del av serien «The Ultimate Critical Review». Den inneheldt eit heilt nytt intervju med Glenn Hughes.
Førstesingelen «Might Just Take Your Life», gitt ut 4. mars, var den første britiske singelen til Deep Purple på to år.
Ettermæle
I ei retrospektiv melding for AllMusic uttalte Eduardo Rivadavia følgjande:
Det fenomenale tittelsporet sette i gang for fullt og utfordra faktisk den banebrytande «Highway Star» om æra som den beste opningslåten på eit Deep Purple-album, samtidig som det alltid imponerande trommespelet til Ian Paice kom til sin rett. Den fantastiske, seigt kokande bluesen i «Mistreated» kvalifiserer til det høgaste hardrock-prestasjonsnivået, og er derfor eit uunnværleg innslag i diskografien til alle musikkfans med respekt for seg sjølv.[3]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Ritchie Blackmore, David Coverdale, Jon Lord, Ian Paice og Glenn Hughes, utanom der anna er nemnt[2]
Medverkande
Deep Purple
- Ritchie Blackmore – sologitar
- David Coverdale – vokal
- Glenn Hughes – bassgitar, vokal
- Jon Lord – klaverinstrument, synthesizer
- Ian Paice – trommer
Production
- Deep Purple – produsent, miksing
- Martin Birch – lydteknikar, miksing
- Tapani Tapanainen – assisterande lydteknikar
- Nesbit, Phipps and Froome – omslag
- Fin Costello – fotografi
- Candle Makers Supplies – stearinlys
- Tony Edwards – leiande produsent (2004-utgåva)
- Matthew Tait – miksing i Metropolis Studios, London (bonusspor)
- Peter Mew – mastering i Abbey Road Studios, London (2004-versjon)
Remove ads
Salslister
Vekeslister
Årslister
Remove ads
Salstrofé
Remove ads
Utmerkingar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads