Who Made Who
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Who Made Who er eit filmmusikkalbum av det australske hardrockbandet AC/DC. Det kom ut 26. mai 1986 og inneheld musikk nytta i Stephen King-filmen Maximum Overdrive. Albumet km ut på ny i 2003 som ein del av AC/DC Remasters-serien.
Remove ads
Bakgrunn
Tre spor på albumet – «Who Made Who» og instrumentalane «D.T.» og «Chase the Ace» – vart nyskrivne og spelte inn av AC/DC til albumet. Dei resterande spora var tidlegare gjevne ut av bandet. Berre éin låt, «Ride On», inneheld den tidlegare solovokalisten Bon Scott, som døydde i 1980. Alle dei andre er med erstattaren hans, Brian Johnson.
Saman med albumet gav bandet ut ein 73 minutt lang videokassett som inneheldt musikkvideoar til låtane «Who Made Who», «You Shook Me All Night Long», «Shake Your Foundations» (remixa), «Hells Bells» og opptak frå ei konsertframføring av «For Those About to Rock (We Salute You)», som vart filma i Detroit i 1983.[2]
Videoen til tittelsporet, regissert av David Mallet, vart spelt inn på Brixton Academy i London og har eit tema med tallause klonar av AC/DC-gitaristen Angus Young. Ifølgje boka AC/DC: Maximum Rock & Roll bestod desse klonane av hundrevis av fans som kom frå heile Storbritannia, og mange av dei sov i sprengkulda framfor Brixton Academy for å få høvet til å delta. Denne gruppa bestod av ca. 300 medlemmer av den britiske fanklubben til bandet og andre som berre hadde høyrt om arrangementet på radio.
Remove ads
Tekstar
Songen «Who Made Who» vart skriven til Stephen King-filmen Maximum Overdrive, som dreidde seg om maskiner som vert levande og byrjar å drepa menneske. Teksten utforskar ideen om at dingsane og apparata som menneska har skapt, kjem til å herska over menneska i staden for omvendt, ironien i at menneska blir underdanige under teknologien dei har skapt.[3][4]
Mottaking
Sjølv om filmen han vart laga til vart latterleggjort av kritikarane og floppa økonomisk, vart låten «Who Made Who» den mest suksessrike singelen til bandet på mange år, og nådde 16. plassen i Storbritannia og 33. plassen i USA.[9][10] Han vart òg kåra til nest beste låt i 1986 av lesarane av magasinet Hit Parader. I etterkant av dette vart det gitt ut ei nyutgiving av «You Shook Me All Night Long» frå albumet, som nådde 46. plassen i Storbritannia.[9] Albumet har selt fem millionar eksemplar i USA. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic kallar albumet «eit forrykande AC/DC-tilbakeblikk» og applauderer bandet for «reddande songar som «Sink the Pink» frå eit elles middelmåtig album.»[5]
Innhald
Album
Alle spor skrivne av Malcolm Young, Angus Young og Brian Johnson, utanom der andre er nemnde
Video
Ein VHS kalla «Who Made Who» vart òg gjeven ut for å marknadsføre albumet.
- «Who Made Who»
- «You Shook Me All Night Long» (alternativ versjon, filma i 1986 for å marknadsføre Who Made Who)
- «Shake Your Foundations»
- «Hells Bells»
- «For Those About to Rock (We Salute You)» [Joe Louis Arena, Detroit - November 1983]
Remove ads
Medverkande
AC/DC
- Angus Young – sologitar
- Malcolm Young – rytmegitar, korvokal
- Cliff Williams – bassgitar, korvokal (spor 1–4, 6–9)
- Brian Johnson – solovokal (spor 1–4, 6–9)
- Simon Wright – trommer (spor 1, 3, 4, 7, 8)
Andre musikarar
- Bon Scott – solovokal (spor 5)
- Phil Rudd – trommer (spor 2, 5, 6, 9)
- Mark Evans – bassgitar (spor 5)
Salslister
Remove ads
Salstrofé
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads