Widen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Widen er ein kommune i distriktet Bremgarten i kantonenen Aargau i Sveits. Kommunen har 3 506 innbyggjarar (2010) og eit areal på 3 km². Kommunesenteret ligg 381 meter over havet.
Landsbyen ligg på eit lite platå mellom Mutschellen i sør og Hasenberg i nord, som er den sørlegaste delen av Heitersberg. I vest går platået ned til elva Reuss.
Widen har vokse saman med nabolandsbyane Berikon, Rudolfstetten-Friedlisberg og Zufikon. Det høgaste punktet i kommunen er på Hasenberg med 740 moh.
Nabolandsbyar er Bellikon i nord, Bergdietikon i nordaust, Rudolfstetten-Friedlisberg i aust, Berikon i søraust, Zufikon i sør og Eggenwil i vest.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Widen» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads