Wigwam av Bob Dylan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Wigwam» er ein ordlaus song av Bob Dylan på albumet Self Portrait frå 1970. Songen vart ein hitsingel som nådde topp 10 i fleire land verda over. Songen vart selt inn tidleg i mars 1970 i New York City. Seinare den månaden, la produsenten Bob Johnston til massingblåseinstrument, som vart spelte inn i Nashville utan at Dylan var til stades.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

«Wigwam» vart stort sett godt mottekem, og fleire kritikarar meinte han var høgdepunktet på Self Portrait. Fleire artistar har spelt songen, inkludert Drafi Deutscher, som fekk ein hit med songen på topp 20 i Tyskland.

Remove ads

Innspeling

«Wigwam» vart pelt inn under innspelinga for Self Portrait, og var produsert av Bob Johnston.[1] Grunnsporet vart spelt inn 4. mars 1970,[2] i Columbia Studio A i New York City,[3] og vart merkt «New Song 1» på innspelingsarket.[3] Musikarane Dylan hadde med seg var han David Bromberg på gitar og Al Kooper på piano.[2] Den 20. april 2013 vart ein tidleg versjon av «Wigwam» gjeven ut på singel i høve Record Store Day,[4] og den 27. august same året kom denne ut på The Bootleg Series Vol. 10 – Another Self Portrait (1969–1971).[2][5]

Den 17. mars 1970 vart det lagt til fleire lydspor i Columbia Recording Studios i Nashville, både for denne og fleire andre songar.[1] Dylan var ikkje til stades på desse innspelingane.[6]

Dylan syng «la-la-la»-vokal akkompagnert av blåsarar,[7] i eit arrangement som er blitt kalla «mariachi-aktig»,[8] og «Tex-Mex».[9] Kjensla i songen er òg blitt kalla «leirbålmusikk»[10]

Remove ads

Utgjeving

«Wigwam» kom ut på Self Portrait den 8. juni 1970,[11] og på singel i juni eller juli.[3][12][13] B-sida til singelen er «Copper Kettle».[12][14] Singelen nådde topp 10 i Belgia,[15] Danmark (i 1972),[16] Frankrike,[17] Malaysia,[18] Nederland,[14] Singapore,[19] og Sveits,[20] og han vart ein topp 40-hit i Canada[21] og Tyskland.[22] I USA nådde songen 41. plassen på Billboard Hot 100,[23] og 13. plassen på Billboard Top 40 Easy Listening chart.[24]

Remove ads

Andre versjonar

Artistar so har spelt «Wigwam» er mellom andre The New Christy Minstrels,[25] Sounds Orchestral,[26] og dei franske orkesterleiarane Raymond Lefèvre[27] and Caravelli.[28] Drafi Deutscher gav ut ein versjon med tysk tekst kalla «Weil ich dich liebe», som vart ein hit i Tyskland i 1970.[29]

Salslister

Meir informasjon Liste (1970), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads