If Not for You
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«If Not for You» er ein song av Bob Dylan på albumet New Morning frå 1970. Dylan spelte inn albumversjonen i august 1970 etter først å ha spelt songen i lag med George Harrison den 1. mai det året. I tillegg til albumutgjevinga, vart songen gjeve ut på singel i Europa. Mai-innspelinga kom ut på The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased)
I november 1970, ein månad etter originalversjonen til Dylan kom ut, gav George Harrison ut ein versjon av songen på det tredoble albumet All Things Must Pass. Ein annan kjend versjon av songen vart gjeven ut av Olivia Newton-John, som fekk den einaste versjonen av songen som gjekk inn på salslista i USA i 1971.
Remove ads
Salslister for Dylan-versjonen
Olivia Newton-John-utgåva
Songen vart spelt inn av Olivia Newton-John og gjeven ut som ein suksessrik singel. Det var den første songen på det første soloalbumet hennar, If Not for You. Det var den første singelen hennar som nådde Topp 10 i Australia, Canada, Irland og New Zealand. I Noreg nådde songen sjetteplass på VG-lista.
Salslister
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads