Wild Mountain Thyme
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Wild Mountain Thyme» (òg kalla «Purple Heather» og «Will Ye Go, Lassie, Go?») er ei folkevise skriven av Francis McPeake frå ein kjend musikalsk familien frå Belfast i Irland, og av skotsk opphav.[1] Teksten til McPeake er ein variant av songen «The Braes of Balquhither» av den skotske diktaren Robert Tannahill (1774–1810), som levde samstundes med Robert Burns. Den originale songen til Tannahill, som først vart publisert i Scottish Minstrel (1821–24) av Robert Archibald Smith handlar om åsane (braes) kring Balquhidder nær Lochearnhead. Tannahill samla og tilpassa tradisjonelle songar, slik Bruns gjorde, og «The Braes of Balquhither» kan ha vore basert på den tradisjonelle songen «The Braes o' Bowhether».
Remove ads
Historie
Melodien til McPeake for «Wild Mountain Thyme» er heilt annleis melodien til Tannahill for «The Braes of Balquhither», som truleg var basert på ein tradisjonell melodi. I ein publikasjon frå 1850, Scottish Songs, redigert av George Farquhar Graham, vert det indikert at songen til Tannahill vart sett til musikk av R.A. Smith sjølv. Andre forskarar meiner melodien kan vere basert på melodien til den gamle skotske folkevisa «The Three Carls o' Buchanan».[2]
McPeake dediserte «Wild Mountain Thyme» til den første kona si. Mange år etter ho døydde, gifta McPeake seg på ny, og sonen Francis McPeake II, skreiv eit ekstra vers for å feire bryllaupet. «Wild Mountain Thyme» vart først spelt inn av nevøen til McPeake, som òg heiter Francis McPeake, i 1957 for BBC-serien As I Roved Out.[2]
Sjølv om Francis McPeake har opphavsretten til songen, meiner ein generelt at han ikkje skreiv songen, men heller arrangerte ein folkeversjon basert på den tradisjonelle teksten med ein versjon av ein annan melodi som han gjorde populær.[3] Då han vart intervjua på radio[4] sa McPeake at han var basert på ein song han høyrte då han reiste i Skottland, og som han seinare skreiv om då han var heime att i Irland. Innspelinga til Bob Dylan av songen er oppført som ein tradisjonell melodi, med ukjend arrangør, sjølv om opphavsrettsregisteret til Dylan indikerer at songen stundom er «tilskriven» McPeake.[5]
Remove ads
Tekst
Versjonen til McPeake av songen, publisert i 1957, ligg nær versjonen til Tannahill, som vart publisert posthumt i 1821.[1] Den originale teksten til Tannahill nyttar fleire fraser som McPeake nytta i songen sin, som linjene «Let us go, lassie, go» og «And the wild mountain thyme».[6][7][8][9][10]
«The Braes of Balquhither»
|
«Wild Mountain Thyme»
|
Remove ads
Innspelingar
Dette er ei liste av somme av innspelingane av songen.[11]
|
|
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads