Wilde Freiger
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wilde Freiger er ein 3 418 meter over havet høg fjelltopp i Stubaieralpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol.
Fjelltoppen reiser seg på hovudfjellkjeda i Alpane, mindre fjellskar skil Wilde Freiger frå dei nærliggjande toppane Wilde Pfaff og Zuckerhütl. Frå Grünausee ved Sulzenauhütte i nord har ein eit storfelt utsyn mot Wilde Freiger (sjå foto i infoboks).
I 1865 tok ein F. Leis og to alpekarar («Älpler») seg til topps på fjellet og vart dermed fyrstebestigarar.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Wilder Freiger» frå Wikipedia på tysk, den 27. juli 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads