Wilde Pfaff
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wilde Pfaff er ein 3 456 meter over havet høg fjelltopp i Stubaieralpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol.
Wilde Pfaff ligg like aust for Zuckerhütl, den høgste fjelltoppen i Stubaieralpane. Mange av dei som klatrar til topps på Zuckerhütl tek også turen til Wilde Pfaff, sidan det tek berre ei 20 minuttar å kome opp på toppen av fjellet frå skaret mellom dei to toppane.
Richard Gutberlet vart 26. juli 1870 fyrstemann på toppen av Wilde Pfaff, saman med fjellførarane Andrä Purtscheller og Alois Tanzer.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Wilder Pfaff» frå Wikipedia på tysk, den 27. juli 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads