Wilhelm Röntgen

tysk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Wilhelm Röntgen
Remove ads

Wilhelm Conrad Röntgen (27. mars 184510. februar 1923) var ein tysk fysikar og vitskapsmann. Han arbeidde ved universitet i Würzburg, og oppdaga det som etter han har vorte kjent som røntgenstråler. Röntgen fekk den første Nobelprisen i fysikk i 1901.

Kjappe fakta

Röntgen studerte på Eidgenössische Technische Hochschule i Zürich, og tok doktorgrad i 1869. I 1875 vart han professor i fysikk i Hohenheim, frå 1876 i Strasbourg, frå 1879 i Gießen, frå 1888 i Würzburg og til slutt frå 1900 til 1920 i München.

Röntgen arbeidde innan felta krystallografi, termodynamikk og elektrodynamikk.

Medan Röntgen eksperimenterte med elektrisitet, oppdaga han den 8. november 1895 ei ny form for stråling. Denne strålinga kalla han X-stråling, av di ho til då hadde vore ukjend. På mange språk vert denne nemninga framleis nytta (til dømes heiter det X-ray på engelsk), og Röntgen sjølv ynskte ikkje å knyta namnet sitt til strålinga. Trass i dette er nemninga røntgenstråling vanleg i Skandinavia og Tyskland.

Det fyrste røntgenrøyret vart framstilla i Stützerbach i Thüringen etter Röntgen sine instruksar.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads