Win, Lose or Draw
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Win, Lose or Draw er det femte studioalbume av det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band. Albumet var produsert av Johnny Sandlin og bandet sjølv, og kom ut i august 1975 i USA på Capricorn Records. Bandet hadde tidlegare gjeve ut det fjerde albumet sitt, Brothers and Sisters, i 1973 til god kritikk og gode salstal. Bandet turnerte året etter og spelte for store publikum og tente store pengar, samstundes som bandet byrja å krangle meir. Vokalisten Gregg Allman og Dickey Betts gav ut soloalbum — The Gregg Allman Tour og Highway Call, begge på hausten - som førte til spekulasjonar om samhaldet i bandet. Det var det siste albumet med bassisten Lamar Williams og pianist Chuck Leavell.
Då bandet kom saman att for å spele inn Win, Lose or Draw, dukka det uløyste saker på øvingane. Bandet var særleg kritisk til at Allman hadde vald å flytte til Los Angeles, og det tabloide forholdet hans med popstjerna Cher. Dårleg kommunikasjon og sinne auka til eit nytt høgdepunkt og bandet fekk sett saman albumet i løpet av ein periode på fleire månader, i sterk kontrast til dei vanlege innspelingsmetodane deira. Bandmedlemmane var ofte ikkje i studio samstundes.
Meldingane for albumet var negative og dei meinte at det mangla energi, var formelbasert og likegyldig. Albumet nådde likevel femteplassen på Billboard 200-lista sidan dei framleis var eit populært band. Forventningane hadde vore store til plata eit år tidlegare, men no var momentet til Allman forbi.
Win, Lose or Draw selde ikkje like godt som føregangarane. The Allman Brothers vart oppløyst med bitre kjensler mellom medlemmane, og trass i ei gjenforening på slutten av 70-talet, fekk dei ikkje attende noko av suksessen dei hatt før dei kom saman att i 1989.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Gregg Allman — solovokal, orgel, clavinet og akustisk gitar
- Richard Betts — sologitar, slidegitar, solovokal og akustisk gitar
- Jaimoe — trommer og perkusjon
- Chuck Leavell — piano, elektrisk piano, Moog synthesizer, clavinet og korvokal
- Butch Trucks — trommer, conga, perkusjon og paukar
- Lamar Williams — elektrisk bass
Andre medverkande:
- Johnny Sandlin — akustisk gitar, trommer og perkusjon
- Bill Stewart — trommer
Produksjon:
- Produsert av Johnny Sandlin og The Allman Brothers Band
- Lydteknikar var Sam Whiteside
- Assisterande lydteknikar - Carolyn Harriss
- Remiksa av Johnny Sandlin, Sam Whiteside og Carolyn Harriss i Capricorn Sound Studios
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads