Winterthur

From Wikipedia, the free encyclopedia

Winterthurmap
Remove ads

Winterthur er ein by i Sveits i kantonen Zürich, 20 km nordaust for Zürich. Kommunen har 101 203 innbyggjarar (2010) og eit areal på 68 km². Byen er den sjette største i landet.

Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...

Winterthur er ein industriby med maskinindustri, kjemisk industri, produksjon av keramiske produkt og bomullstekstil og ein lokomotivfabrikk. Han er sete i Europa for det amerikanske medisinfirmaet Zimmer og for fleire firma i høgteknologibransjen. Byen er eit viktig handels- og finanssenter med hovudkontor for fleire bankar og forsikringsselskap.

Byen har fleire museum med internasjonal rang, som kunstsamlinga Stiftung Oskar Reinhart.

Byen er eit veg- og jernbaneknutepunkt og har felles flyplass med Zürich, Kloten lufthamn. Technikum er den viktigaste tekniske høgskulen i Sveits. Hovudkyrkja St. Laurenz er bygd 1264–1515. Her finst òg eit vakkert rådhus (1781–83).

Region Winterthur er i sterk utvikling. Ifølge statistikarane vil han i dei neste 25 åra oppvise den største folkeveksten i Sveits.

Remove ads

Kjende folk frå Winterthur

  • Anton Graff (1736–1813), portrettmålar
  • Johann Jakob Biedermann (1763–1830), kunstmålar
  • Henrik Haggenmacher (1827–1917), sveitisk-fødd ungarsk industrileiar og velgjerar
  • Heinrich Wölfflin (1864-1945) kunsthistorikar
  • Joan Gamper (1877–1930), fotballpioner og idrettsleiar
  • Marlies Bänziger (f. 1960), politikar
  • Martin Buser (f. 1958), hundekøyrar, fleire gonger vinnar i Iditarod-løpet
  • Mirco Müller (f. 1995), ishockeyspelar
Remove ads

Kjelder

«Winterthur» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads