Wisconsin Range
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wisconsin Range er ei stor fjellkjede i Horlick Mountains i Antarktis. Ho består av Wisconsin Plateau og fleire isbrear, ryggar og toppar som grensar til Reedybreen, Shimizu-straumen, Horlick-straumen og Polarplatået.[1]
Fjellkjeda vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1959-64. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter University of Wisconsin–Madison i Madison i Wisconsin, som har sendt mange forskarar til Antarktis.[1]
Wisconsin Plateau dekkjer det meste av fjellkjeda med ei stor iskappe på over 2800 moh i aust og søraust. Platået heller slakt nedover og med berre få isskrentar i det indre av platået. I nord og vest er platået bratte med skrenter og fjellveggar på over 1000 meter. Platået vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960-64. Det vart namngjeve av US-ACAN i samband med Wisconsin Range.[2]
Remove ads
Fjell
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads