Back in the U.S.S.R.

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Back in the U.S.S.R.» er ein song frå 1968 av The Beatles, tilskriven Lennon/McCartney, men hovudsakleg skriven av Paul McCartney.[2] Songen opnar dobbeltalbumet The Beatles, ofte berre kalla The White Album. Songen glir rett over i neste song på albumet, «Dear Prudence».

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen opnar og lukkar med lyden av eit jetfly som landar, og viser til ein «skrekkeleg» flytur tilbake til U.S.S.R. (Sovjetunionen) frå Miami Beach i USA. Songen er dominert av McCartney på piano og sologitarriff og teksten omhandlar kor glad hovudpersonen er for å kome heim at, der «the Ukraine girls really knock me out» og «Moscow girls make me sing and shout».

Tittelen på songen er ei hyllest til Chuck Berry sin «Back in the U.S.A.», medan refrenget er ei hyllest til «California Girls» av Beach Boys. Songen inneheld òg ein referanse til «Georgia on My Mind» av Hoagy Carmichael.

«Back in the U.S.S.R.» vart av Parlophone gjeve ut på singel i Storbritannia i 1976 med «Twist and Shout» som B-side.

Remove ads

Problem i bandet

Under innspelinga The Beatles arbeidde dei fire medlemmene ofte kvar for seg for å halde spaninga seg imellom så låg som mogeleg. 22. august 1968 førte det dårlege humøret til at Ringo Starr forlét studio og annonserte at han hadde slutta i bandet.[3]

«Back in the U.S.S.R.» og «Dear Prudence», dei to første songane på albumet, vart spelte inn utan Starr, og McCartney spelte stort sett trommene på desse.

Starr kom tilbake nesten to veker seinare den 4. september, då han deltok i filminga av promovideoane til «Hey Jude» og «Revolution».

Remove ads

Medverkande

I følgje Ian MacDonald[4] og Mark Lewisohn:[5]

  • Paul McCartney – vokal, korvokal, piano, bassgitar, trommer, sologitar, klapping, perkusjon
  • John Lennon – korvokal, rytmegitar, 6-strengs bass, klapping, trommer, perkusjon
  • George Harrison – korvokal, rytme- og sologitar, bass, trommer, klapping, perkusjon

Andre versjonar

Fleire andre artistar har gjort sine utgåver av songen, mellom anna Chubby Checker, John Fred & His Playboy Band, Dead Kennedys, Leningrad Cowboys, Sigourney Weaver, Guns N’ Roses, Type O Negative

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads