Wole Soyinka

From Wikipedia, the free encyclopedia

Wole Soyinka
Remove ads

Akinwande Oluwole «Wole» Soyinka (fødd 13. juli 1934 i Abeokuta i Nigeria) er ein nigeriansk dramatikar og teaterinstruktør. Han har òg har forfatta romanar, essays og dikt.

I 1986 fekk han Nobelprisen i litteratur av di han «i ett brett kulturellt perspektiv och med poetiska övertoner gestaltar tillvarons drama.»[1][2] Takketalen, som han dediserte den sørafrikanske fridomskjemparen Nelson Mandela, var ein krass kritikk av apartheidpolitikken i Sør-Afrika.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv

Soyinka blei fødd inn i ein fattig Joruba-familie. Begge foreldra var overtydde kristne, faren var rektor på ein folkeskole. Etter å ha fullført college i Ibadan studerte Soyinka ved universitet i byen frå 1952 til 1954, og frå 1954 til 1957 ved University of Leeds. Han avslutta med ein Honours Degree i engelsk litteratur og arbeidde etterpå som dramaturg og skodespelar ved Royal Court Theatre i London, men vendte seinare tilbake til Nigeria for å studere afrikansk drama. Han underviste ved universiteta i Lagos, Ibadan og Ife, der han fekk eit professorat i samanliknande litteraturvitskap i 1975.

Soyinka har spela ein viktig rolle i den politiske historia til Nigeria. I 1967, under den nigerianske borgarkrigen, dømde dei nigerianske styresmaktene han til einecelle etter at han freista å få i stand fred mellom dei stridande partane. 22 månader seinare blei han sleppt fri då det vart internasjonal merksemd om saka hans. I fengselet skreiv han dikt han gav ut som Poems from Prison. Seinare skreiv han om erfaringane frå fengselet i boka The Man Died.

Wole Soyinka har vore ein nådelaus kritikar av mange nigerianske regjeringar og ulike andre diktatur over heile verda, til dømes regimet til Robert Mugabe i Zimbabwe. Denne aktivismen har fleire gonger sett han i stor personleg fare, som under diktaturet til den nigerianske generalen Sani Abacha (1993 til 1998) då Soyinka gjekk i frivillig eksil. Han budde hovudsakleg i USA der han var gjesteprofessor ved fleire universitet. Sjølv om han vendte tilbake til Nigeria i 1998, heldt han fram med å arbeide i USA. I 2004 fekk han ein undervisningspost i samanliknande litteraturvitskap ved Emory University i Atlanta og har eit professorat i kreativ skriving ved Nevada-universitetet i Las Vegas.

Remove ads

Verk

Skodespel

  • A Dance of the Forest
  • The Lion and the Jewel
  • The Road
  • Kongis Harvest
  • The Swamp Dwellers
  • The Strong Breed
  • Camwood on The Leaves
  • The Jero Plays
  • The Bacchae of Euripides
  • Madmen and Specialists
  • Death and the Kings Horseman
  • A Play of Giants
  • Opera Wonyosi

Romanar og memoarar

  • The Interpreters
  • Season of Anomy
  • The Man Died
  • Ake, The years of Childhood
  • Isara

Essays

  • Art, Dialogue and Outrage

Poesi

  • Idanre and other Poems
  • A Shuttle in the Crypt
  • Mandelas Earth and other Poems

Norske omsettingar

  • «Telefonsamtalen», novelle
    i Moderne afrikanske fortellere (Pax, 1971)
  • Ake, en historie om en barndom
  • Tolkene
Remove ads

Referansar

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads