Volof-folk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Volof (også skrive wolof) er eit folk i Senegal, Gambia og Mauritania. Språket deira er volof.



Busetnad
I Senegal er volofane den største folkegruppa ved at rundt 40 % av folkesetnaden identifiserer seg som volof. Dei er fleirtalet i området som strekkjer seg frå Saint-Louis i nord, Kaolack i sør og Dakar i vest. Derimot er det få volofar i Casamance. I Gambia er rundt 15 % av folkesetnaden volof. Dei utgjer ein minoritet i eit land der mandinkaene utgjer 40 % av innbyggjarane, men volofspråk og -kultur har uforholdsmessig stor tyding sidan volofane utgjer halvparten av folkesetnaden i hovudstaden Banjul. I Mauritania er omkring 7 % av folkesetnaden volof. Dei bur for det meste i dei sørlege kystområda til landet.
Remove ads
Kjende volofar
- Youssou N'Dour, senegalesisk songar
- Ousmane Sembène, senegalesisk forfattar og regissør
- Abdoulaye Wade, president i Senegal
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads