Mandinka

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Mandinka eller mandingo er eit mandespråk som blir tala av mandinkafolk i store delar av Vest-Afrika. Mandinka er fyrstespråket til litt over 1,3 millionar menneske – om lag 670 000 i Senegal, 510 000 i Gambia og 167 000 i Guinea-Bissau.[1] Det er eitt av hovudspråka i Gambia. Språket høyrer til manding-greina av mandespråka, og liknar ganske mykje på bambara og maninka (malinke).

Kjappe fakta
Remove ads

Ortografi

Mandinka kan skrivast med latinsk, arabisk skrift eller N'Ko. Latinsk er offisiell skrift, men arabisk er meir utbredt. I tillegg brukes N'Ko-alfabetet fra 1949 en del.

Med latinsk skrift representerer c lyden /ʧ/, ŋ /ŋ/, og ñ /ɲ/. Bokstavane v, x, z, og q vert ikkje brukt. Vokalar er som i spansk, og blir dobla for å visa lengde eller skilja ord som elles er homofone.

Det arabiske skriftsystemet bruker ingen ekstra teikn (bortsett frå eit ekstra vokalmerke for «e» i sjeldne tilfelle), men nokre av bokstavane har ulik uttale i høva til arabisk.

Tilhøvet mellom latinske og arabiske konsonanter er som følgjer:

Meir informasjon Arabisk, Latinsk ...

Bokstavane i kursiv er ikkje i vanleg bruk i mandinka. ه (h) kan også brukast for å indikera ein avsluttande glottal plosiv, som ikkje blir notert med den latinske skrifta. Bokstaven ŋ i den latinske skrifta er ofte indikert med vokalteikn i arabisk skrift.

Vokalane samsvarer som følgjer:

Meir informasjon Arabisk, Latinsk ...

I tillegg kan ein liten arabisk 2 (۲) brukast for å visa reduplikasjon, og hamzaen kan brukes som i arabisk for å visa glottale plosivar meir presist.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads