Words av Bee Gees

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Words» er ein song av Bee Gees, skriven av Barry, Robin & Maurice Gibb. Songen nådde toppen av listene i Tyskland, Sveits og Nederland.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

«Words» var den tredje hitten til Bee Gees som nådde topp 10 i Storbritannia, der han nådde åttandeplassen.[1] Songen har blitt spelt inn av mange andre artistar, mellom anna hitversjonar av Rita Coolidge i 1978 og Boyzone i 1996. Dette var den femte singelen til Boyzone og den første som gjekk til topps i Storbritannia.

Remove ads

Låtskriving

Barry Gibb forklarer:

« 'Words' vart skriven av meg i Adams Row då eg budde hos Robert [Stigwood]. Mange byrja å spele songen, så i løpet av åra vart det litt som med 'To Love Somebody'. Eg visste ikkje at han ikkje var på noko album - det er merkeleg korleis det brukte å vere på dwn tida. Me brukte å gje ut den eine singelen etter den andre. »

Robin Gibb: «'Words' syner ei stemning. Han vart skriven etter ein krangel. Barry hadde krangla med nokon. Eg hadde krangla med nokon og var i same stemning. Kranglane var om ingenting i det heile. Dei var berre ord. Det er det songen handlar om. Ord kan gjere deg glad, og ord kan gjere deg trist.»[2]

Barry sa i 1996 på fjernsynsshowet VH1 Storytellers at songen vart skriven for manageren deira, Robert Stigwood.

Remove ads

Innspeling

«Words» vart spelt inn 3. oktober 1967 i lag med «World» og songen «Maccleby's Secret» i IBC Studios i London.[3] Berre Barry syng vokal på songen og han vart hans soloframføring på konsertane gjennom heile karrieren til Bee Gees.

Barry hugsa godt innspelinga av «Words»:[2]

«Eg hugsar den første innspelinga veldig godt. Robin og eg var i studio klokka ni om morgonen, og Robin sovna stadig over pianoet. Eg ville at han skulle skrive pianobiten av songen og spele dette, sidan eg ikkje er så flink på piano sjølv. Men han klarte ikkje å halde augo opne, så eg enda opp med å gjere det sjølv.».[2]

Det vart òg nytta ein ny pianolyd på «Words», som Maurice forklarte:

«Ved eit uhell oppdaga med ein ny lyd på 'Words'. Då me spelte inn songen, etter at alle hadde gått til lunch, sat eg ved pianoet og skreiv eit riff. Eg gjekk så opp ein etasje og slo på mikrofonane for pianoet, og byrja så å leike med knappane føre meg. Då eg høyrte på lydbandet etterpå, hadde eg fått alle desse fantastiske, komprimerte pianolydane. Mike Claydon frå IBC Studios, som var lydteknikar på alle platene våre, sa 'Kva i all verda var det?' då han høyrde pianolyden. 'Kom opp her og høyr på den lyden'. Det var berre kompresjon, men han visste ikkje kva han skulle kalle det då. Eg trur han kalla det 'limited'. Det fekk pianoet til å høyrest ut som om det var 40 piano som spelte samstundes og var særs, særs fyldig. På 'Words' var det særs vakkert, men med denne lyden høyrtes det ut som om LA Symphony spelte på han. Om du høyrer på alle platene våre, er den pianolyden med.[2]

The Beatles hadde nytta denne lyden tidlegare, og George Martin kalla det «nervøs pianolyd» som han nytta på bassnotane på «Anytime at All» og andre. «Lady Madonna» er eit av dei meir kjende døma deira med komprimert piano.

Remove ads

Utgjeving

B-side til «Words» var «Sinking Ships», ein av få Bee Gees-songar der alle tre brørne syng solovokal. Gruppa framførte songen på The Ed Sullivan Show i 1968, med Barry Gibb på vokal, Maurice Gibb på bass, Robin Gibb på piano, Vince Melouney på gitar og Colin Petersen på trommer.

«Words» debuterte på 67. plassen på Cashbox-lista i USA den 20. januar 1968.[4] Det var den andre Bee Gees-singelen etter «Massachusetts» som nådde topp 10 i Storbritannia.

Medverkande

Lister

Meir informasjon Lister (1968), Plassering ...
Remove ads

Boyzone-versjonen

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Boyzone-kronologi ...

«Words» vart den første singelen frå A Different Beat av det irske gutebandet Boyzone. Singelen var den sjuande totalt, og den første som gjekk til topps i Storbritannia. Singelen selde til gullplate.[16]

Innhald

CD1
  1. Words (radio edit) – 3:55
  2. The Price of Love – 3:11
  3. Words (alternative mix) – 3:53
CD2 (avgrensa digipak)
  1. Words (radio edit) – 3:55
  2. The Price of Love – 3:11
  3. What Can You Do For Me – 2:59
  4. Words (alternative mix) – 3:53

Lister

Meir informasjon Lister (1996), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

  • 1967: I den britiske filmen The Mini Mob framført av Georgie Fame[36]
  • Januar 1968: The Bee Gees
  • 1968: Sandie Shaw
  • 1968: Glen Campbell
  • 1968: James Last
  • 1968: David Garrick and The Dandy
  • 1969: Norro Wilson
  • 1969: Tennessee Ernie Ford
  • 1969: Cilla Black
  • 1969: Elvis Presley
  • 1969: Bettye Swann
  • 1969: John Davidson
  • 1969: The Brothers Four
  • 1969: Gloria Loring
  • 1970: Lynn Anderson
  • 1970: Irene Reid
  • 1970: Engelbert Humperdinck
  • 1970: David Curtis
  • 1970: Anthony Armstrong Jones
  • 1970: Nash Chase
  • 1970: Al Martino
  • 1970: Labi Siffre
  • 1970: Cliff Richard[37]
  • 1971: Daliah Lavi
  • 1972: Lettermen
  • 1972: Donal Leace
  • 1972: 100 Proof Aged in Soul
  • 1973: Roy Orbison
  • 1974: Barbara Mandrell
  • 1974: Brenda Lee
  • 1974: Donna Fargo
  • 1977: Tracy
  • 1977: Bill Fredericks
  • 1977: Rita Coolidge
  • 1978: Terry Wogan
  • 1979: Susie Allanson
  • 1979: Aaron
  • 1981: Mike Berry
  • 1984: Lena Martell
  • 1996: Boyzone
  • 1997: Euphoria
  • 1999: Flemming Bamse Jørgensen
  • 2003: Tom Green
  • 2004: Matt Tyler
  • 2005: Daniel O'Donnell
  • 2006: Shawn Colvin
  • 2008: Tony Witt
  • 2009: Ann-Mette Elten
  • 2009: Terry Mike Jeffrey
  • 2013: Johnny Hansen
  • 2015: KC and The Sunshine Band
  • 1968: The Peter Thomas Sound Orchestra (instrumental)
  • 1968: Waldo de los Ríos (instrumental)
  • 1971: The Mystic Moods Orchestra (instrumental)
  • 1972: John Schroeder (instrumental)
  • 2010: David Osborne (instrumental)

Ein svensk versjon kalla «Nu» vart skriven av Mats Hallgren og framført av Lill Lindfors i 1968 og Siw Inger i 1977.

Ein fransk versjon kalla «Sans aucun mot d'amour» vart skriven av Billy Nencioli og framført av Michel Cogoni i 1968. Ein annan fransk versjon, kalla «Viens», vart skriven av Michel Mallory og framført av Jeane Manson i 1979.

Ein italiensk versjon kalla «Fai un po' quello che vuoi» skriven av Gino Paoli vart framført av The Honeybeats i 1968 og I Crazy Boys i 1968.

Ein portugisisk versjon skriven av Fred Jorge, kalla «Palavras» og framført av Celly Campello i juni 1968. Ein annan portugisisk tekst med same tittel vart skriven av Eduardo Luiz og framført av Agnaldo Timóteo i 1969.

Ein tysk versjon kalla «Ein Wort von dir» vart skriven av Günter Loose og framført av Daliah Lavi i 1971.

Ein dansk versjon kalla «Ord» vart skriven av Keld Heick og framført av Grethe Ingmann i 1977.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads