Works Volume 1

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Works Volume 1 er det femte studioalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Emerson, Lake & Palmer, gjeve ut som eit dobbeltalbum den 25. mars 1977 på Atlantic Records. Etter verdsturneen deira etter Brain Salad Surgery (1973), tok gruppa ein lengre pause før dei møttest att i 1976 for å spele inn eit nytt album. Dei var no i skatteeksil og spelte inn nytt materiale i London og i Montreux i Sveits og Paris i Frankrike. Works Volume 1 består av ei side til kvar av medlemmane, der dei skreiv og arrangerte sine eigne spor som dei spelte i lag med bandet. Den fjerde sida bestod av songar dei skreiv i lag. Keith Emerson spelte inn sin Piano Concerto nr. 1, Greg Lake skreiv fleire songar med tekstforfattaren Peter Sinfield, og Carl Palmer spelte inn spor innan forskjellige musikkstilar.

Meir informasjon Emerson, Lake & Palmer-kronologi, Singlar frå ...

Albumet nådde niandeplassen på UK Albums Chart og 12. plassen på den amerikanske Billboard 200. Det selde til gullplate i begge land. Gruppesporet «Fanfare for the Common Man», Emerson si utgåve av komposisjonen til Aaron Copland frå 1942, vart gjeven ut på singel i mai 1977. Denne nådde andreplassen på UK Singles Chart og vart den høgaste plasseringa ein av singlane deira nådde i heimlandet. Meir musikk vart spelt inn i 1976 og songar frå denne innspelinga kom ut som Works Volume 2. Begge albuma vart marknadsførte med ein verdsturné i 1977-1978 der dei spelte med eit orkester på scenen på somme av dei første konsertane.

Remove ads

Bakgrunn

I august 1974 gjorde Emerson, Lake & Palmer ferdig den ti månader lange verdsturneen sin etter det fjerde albumet, Brain Salad Surgery (1973). Dette vart følgd av det tredoble konsertalbumet Welcome Back, My Friends, to the Show That Never Ends ~ Ladies and Gentlemen (1974) som gav gruppa den høgaste listeplasseringa deira i USA med ein fjerdeplass, og ein sjetteplass i Storbritannia. Trioen tok ein lengre pause etter å ha vore i studio eller på turné kvart år sidan dei kom saman i 1970. Keith Emerson sa at på dette punktet i karrieren deira, hadde den musikalske retninga til gruppa blitt «mjølka tørr» og ønskte å bruke litt tid på å planlegge det neste steget.[1]

I 1976 gjekk trioen i gang med eit nytt studioalbum og drog i skatteeksil, som gjorde at dei måtte spele inn albumet utanlands. Lake hugsa at det var eit upopulært val sidan dei hadde familie heime i England. Dei slo seg ned i Montreux i Sveits der dei nytta seg av Mountain Studios.[2] Lake sa at denne tida var vanskeleg for kreativiteten: «Det er så grått. Det er ingen der. Du får overhovudet ingen inspirasjon!» Emerson støtta dette synet og kalla det «verdas ende», men han og Palmer likte studiofasilitetane og kvaliteten på utstyret.[1]

For Works ønskte Lake å skrive meir seriøst og syngje balladar, og meinte at å syngje med eit orkester ville gje songane hans større variasjon.[1]

I mars 1977 sa Lake at bandet hadde nok materiale til å gje ut Works Volume 2.[1]

Musikk

Remove ads

Side ein til tre

Side ein består av Emerson sin Piano Concerto nr. 1, eit verk i tre satsar for piano og orkester. Emerson spelte på eit flygel frå Steinway i lag med London Philharmonic Orchestra dirigert av John Mayer, som òg hjelpte til med orkesterarrangementa.[2] Han ønskte å skrive eit seriøst stykke som ikkje kom til å bli utdatert, med målet om at andre kunne framføre det i framtida. Emerson arbeidde hardt med partituret og såg attende på det kort tid etter albumet kom ut: «Eg har tynt kvart einaste gram ut av meg sjølv i den saka. Og eg kjende meg særs nøgd.»[1] Den første innspelinga fann stad i Kingsway Hall i London med mobilt studioutstyr, men orkesteret hadde vanskar med å forstå partituret og musikarane klaga på akustikken i hallen. Dette førte til at Emerson «sløste mykje pengar.» Innspelinga vart flytta til De Lane Lea Studios og det vart ein suksess.[1] Då det kom til å førebu materiale for albumet, brukte Emerson ei tid på å «tenkje og skrive» etter ei tid med depresjonar då heimen hans i Sussex vart råka av ein brann to år tidlegare, og alle sakene hans og musikken han hadde skrive ned brann opp.[3] Arbeidet på den tredje satsen reflekterte stemninga til Emerson på tida kring brannen, og han klarte å få «mykje sinne» ut gjennom musikken.[1] I dokumentarfilmen Beyond the Beginning sa Lake at Emerson inviterte komponisten Leonard Bernstein til å lytte til verket då han vitja dei i eit studio i Paris der innspelinga vart miksa. Då han lytta til verket sa Bernstein at det «minte han om Grandma Moses», ein visesongar. Emerson kan derimot ikkje hugse at Bernstein hadde sagt dette.[4][5]

Side 2 er sida til Greg Lake og består av akustiske ballade, alle skrivne av Lake og Peter Sinfield.

Side 3 er sida til Carl Palmer og inneheld ein ny versjon av «Tank» frå debutalbumet deira frå 1970, med orkesterakkompagnement og utan trommesoloen. «L.A. Nights» vart spelt inn med Eagles-gitaristen Joe Walsh på solo- og slidegitar og scatvokal. To arrangement av klassiske stykke er òg med her: Todelt Invention i d-moll, BWV 775 av Johann Sebastian Bach og eit stykke kalla «The Enemy God Dances With the Black Spirits», eit utdrag av den andre satsen av Skythisk Suite av Sergej Prokofijev.

Side fire

Side 4 ar laga av heile bandet og består av eit moderne stykke omarrangert for rockeband, Aaron Copland sin «Fanfare for the Common Man», og den lange «Pirates», med tekst lagt til musikk Emerson hadde skrive for ein kansellert filmversjon av Frederick Forsyth-boka The Dogs of War. Aaron Copland meinte at ELP-versjonen av stykket hans var tiltalande, men han lurte på kvifor dei hadde tatt med ein modal solo mellom to forholdsvis streite utgåver av stykket hans. «Pirates» vart selt inn i tre forskjellige studio med orkesteret til Nasjonaloperaen i Paris, dirigert av Godfrey Salmon. I følgje Sinfeld ønskte bandet at Leonard Bernstein skulle dirigere «Pirates». Bernstein forsvann etter å ha høyrt musikken, som han skildra som «primitiv».[6] Emerson spelar mykje Yamaha GX-1-synthesizer på både «Fanfare for the Common Man» og «Pirates».[7]

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

AllMusic meinte albumet vart midt på treet. Dei kritiserte særleg solosidene til Keith Emerson («på nivå medd eit bra musikkstudentstykke, utan mykje originalt språk») og Greg Lake («C'est la Vie', singelen seier lite som ikkje 'Still...You Turn Me On' frå det førre albumet sa betre og kortare»). Dei likte derimot Carl Palmer si side og gruppesida, men konkluderte med at gruppesongane «dekkjer for mykje av det gamle, sjølv om det er gjort utførleg og med stil.»[8]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Henta frå plateomslaget.[2]

Emerson, Lake & Palmer

Andre medverkande

  • London Philharmonic Orchestra på «Piano Concerto nr. 1»
  • John Mayer – dirigent på «Piano Concerto nr. 1»
  • Joe Walsh – gitarar and vokal på «L.A. Nights»
  • Peter Sinfield – tekstar på side to
  • Godfrey Salmon – orkester- og kordirigent på side to

Produksjon

  • Keith Emerson – produsent på side ein
  • Greg Lake – produsent på side to og fire
  • Carl Palmer – produsent på side tre
  • Peter Sinfield – produsent på side o
  • Tony Harris – orkesterarrangement på side to
  • Ashley Newton – kunstnarisk leiar
  • Ian Murray – design, kunst
  • John Timperley – lydteknikar
  • Roger Cameron – lydteknikar
  • David Montgomery – fotografi av Emerson
  • Kenny Smith – fotografi av Lake
  • Alex Grob – fotografi av Palmer

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads