Works Volume 2

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Works Volume 2 er det sjette studioalbumet av Emerson, Lake & Palmer, gjeve ut i 1977.[1][2] I motsetnad til Works Volume 1 (som bestod av tre solosider og ei bandside), var Works Volume 2 eit enkelt album og tilsynelatande eit samlealbum av spor som var til overs frå tidlegare albuminnspelingar. Mange avskreiv albumet for den tilsynelatande mangelen på fokus, medan andre meinte det synte ei anna side av bandet med blues, bluegrass og jazz som dominerande sjangrar på plata.

Meir informasjon Emerson, Lake & Palmer-kronologi, Singlar frå ...

Den ommastra utgåva frå 2017 er ei dobbeltplate med heile Works Live, ei forlenga utgåve av albumet Emerson, Lake & Palmer in Concert.

Remove ads

Songar

«When the Apple Blossoms Bloom...», «Tiger in a Spotlight» og «Brain Salad Surgery» var blitt spelt inn i 1973 under innspelinga av Brain Salad Surgery, men kom ikkje med på albumet den gongen. Keith Emerson sin versjon av «Honky Tonk Train Blues» kom ut på singel i 1976 og nådde 21. plassen på den britiske poplista.[3]

Volume 2 inneheldt òg ein enkel versjon av Greg Lake sin «I Believe in Father Christmas». Ein orkesterversjon av songen var tidlegare blitt gjeven ut som ein solosingel av Lake i Storbritannia i 1975 og vart ein standard julesong der.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet selde ikkje like godt som dei førre albuma deira og nådde 20. plassen i Storbritannia og 37. plassen i USA. Tre av spora frå albumet vart gjevne ut som singlar: «Tiger in a Spotlight», «Maple Leaf Rag» og «Watching Over You».

I ei melding av Robert Christgau i The Village Voice sa han spøkefullt at det var «nyhende» når «den mest overdrive 'progressive' gruppa i verda» lagar eit album som er «mindre pretensiøs enn tittelen», men sette spørsmålsteikn ved om det kunne kallast «rock and roll».[7] I ei seinare melding skreiv David Ross Smith i AllMusic at albumet var «særs undervurdert» og at albumet «bortsett frå korte stunder der det glepp, er det ikkje ein einaste svak melodi på denne samlinga.»[4]

Dei to Works-albuma vart marknadsførte med turnear i Nord-Amerika frå mai 1977 til februar 1978 over 120 konsertar.[10] Somme av dei tidlege konsertane i 1977 vart framførte med eit handplukka orkester og kor, men ideen vart skrinlagd etter 18 konsertar fordi det vart for dyrt.[11] Den siste konserten med orkester og kor fann stad 26. august 1977 i Olympic Stadium i Montreal føre eit publikum på kring 78 000 menneske, det største Emerson, Lake & Palmer spelte for som soloartist.[12] I følgje Lake hadde bandet tapt kring tre millionar amerikanske dollar på turneen. Lake and Palmer gav Emerson skulda, sidan det var hans ide om å ta med seg eit orkester.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Emerson, Lake & Palmer

Gjestemusikarar

  • Ron Aspery - saksofon på «Bullfrog» (ikkje oppført)
  • Colin Hodgkinson - bassgitar på «Bullfrog» (ikkje oppført)
  • Graham Smith - munnspel på «Watching Over You»

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads